Radiostyrte ur er klokker (ur) som er utstyrt med ein enkel radiomottakar for å verte justert med langbølgje-radiosignal frå ein radiostasjon for å syne rett tid. Dei justeringsignala som vert sende ut frå radiostasjonen er styrte av eit atomur.

DCF77-radiostasjonen i Mainflingen i Tyskland.
Teoretisk dekningsområde for DCF77-radiostasjonen i Mainflingen i Tyskland.
Eit opna radiostyrt, batteridrive vekkarur med kvartsverk. Radioantenna er å sjå nede til venstre, og batterihaldaren oppe til venstre.

Radiostyrte ur finst både som armbandsur, vekkarur, veggur og anna. Med unnatak av den radiostyrte justeringsmekanismen er dei radiostyrte klokkene ikkje noko anna enn vanlege ur som vert drive av vanlege kvartsurverk. Justeringssignala vert motteke ein eller eit par gonger kvar natt, vanlegvis mellom klokka to og fire, og dette er nok til at dei radiostyrte ura vanlegvis ikkje går meir enn ± eitt sekund feil ved minst eitt fullgodt signalmottak i døgeret. Dersom justeringa skulle ha gjenge føre seg kontinuerlig, ville batteria i klokkene tappast for straum utan at det gjer nemnande nytte. Meininga med radiosignaljusteringa er såleis berre å syte for meir nøyaktig og oftare justeringar enn det som kan verte gjort på manuelt vis, og at justeringane skjer automatisk. Omstillingane mellom sommar- og vintertid skjer likeeins automatisk.

Dersom avstanden frå sendaren vert for stor, vert justeringssignala upålitelege eller uten verknad. Det finst ingen radiosendar i Noreg som sender ut slike justeringssignal. Dei næraste ligg i Tyskland og England. Mykje av det nordlege Noreg og Sverige ligg difor for langt vekk til at slike ur kan nyttast. Dette må eigarane av slike ur vere merksame på, og ta omsyn til. Men ura stoggar ikkje dersom justeringssignala vert vekke eller vert forvrengte; dei fungerer framleis som heilt vanlege kvartsur.