Eit atomur er ein ekstremt nøyaktig tidsmåler som bruker resonansfrekvensen til eit atom som oscillator.

Eit atomur.

Det finst fleire typar, der oscillatorar basert på cesium, hydrogen og rubidium er mest vanleg. Oscillatorar som er basert på cesiumatom skal vere dei mest nøyaktige, med ei nøysemd på ±1 sekund på éin million år. Eitt sekund er i dag definert ut i frå «kor lenge 9 192 631 770 periodar av strålinga som svarer til overgangen mellom dei to hyperfine nivåa av grunntilstanden til cesium-133 atomet ved 0 kelvin varer.» Det er dette ein måler i eit atomur.

Ifølgje relativitetsteorien er tid relativt, og avhengig av snøggleiken. Derfor vil ikkje to atomur gå likt med mindre dei flyttar seg med same snøggleik. Dette er merkbart i samband med satellittar og annan romfart.

I dag kan ein kjøpe forholdsvis billige radiostyrte ur, som ikkje må forvekslast med atomur.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Atomur