Radok Lake
Radok Lake er ein innsjø av smeltevatn som er kring 7 km lang og markert av ei tynn isbretunge som flyt ut i innsjøen frå vest. Han ligg 5 km sørvest for Beaver Lake og 24 km søraust for Aramis Range i Prince Charles Mountains. Han vart kartlagt av Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) frå flyfoto tekne under RAAF Antarktis Flight i 1956. Han er kalla opp etter Uwe Radok, ein meteorologilærar ved University of Melbourne, som assisterte Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) i utviklinga av glasiologiforskinga deira.[1] Radok Lake er den djupaste (362 moh)[2] kjende innsjøen på kontinentet og den einaste kjende ferskvassjøen som har ei flytande istunge.[3] Han har utløp via den 5 km lange Pagodroma Gorge til Beaver Lake.
Radok Lake | |||
innsjø | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Mac. Robertson Land | ||
- koordinatar | 70°52′S 68°00′E / 70.867°S 68.000°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Radok Lake 70°52′00″S 68°00′00″E / 70.866666666667°S 68°E | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Radok Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Radok Lake». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 23. februar 2014.
- ↑ The Expeditions Amery Oasis, Aust-Antarktis, in 2001/02 and Taylor Valley, Southern Victoria Land, in 2002 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 24. juli 2011, henta 23. februar 2014
- ↑ The Amery Oasis, Northern Prince Charles Mountains, arkivert frå originalen 30. september 2009, henta 23. februar 2014