Rafik Saïfi

algerisk fotballspelar

Rafik Saïfi (fødd 7. februar 1986 i Alger) er ein algerisk fotballspelar som i 2009/10-sesongen spela for Istres i fransk andre divisjon, på lån frå Al-Khor i Qatar, og for det algeriske landslaget.

Rafik Saïfi
Personleg informasjon
Fullt namn رفيق صايفي
Rafik Saïfi
Fødd 7. februar 1975
Fødestad Alger
Høgd 178 cm
Posisjon Spiss, midtbane
Klubbinformasjon
Noverande lag
Istres
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1993-94
1994-95
1995-96
1996-99
1999-2004
2004-05
2005-06
2006-09
2009-
2010
Algerie Bordj El Kiffan
Algerie Sougeur
Algerie El Khechna
Algerie MC Alger
Frankrike Troyes
Frankrike Istres
Frankrike Ajaccio
Frankrike Lorient
Flagget til Qatar Al-Khor
Frankrike Istres (lån)
18 (31)
18 (27)
18 (19)
29 (20)
111 (19)
35 (4)
26 (2)
90 (25)
10 (2)
7 (2)
Landslag
1998- Algerie Algerie 60 (19)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 2. april 2010

Saïfi var med på å vinna den algeriske ligaen i 1999 med MC Alger. Han drog til Frankrike og Troyes i Ligue 1 same året og var der i fem sesongar, også 2003/04-sesongen då laget spelte i andre divisjon. I 2004 gjekk han til Istres som var nyopprykte til Ligue 1. Då Istres rykte rett ned igjen, gjekk Saïfi til den nyopprykte klubben Ajaccio. Dei rykte òg rett ned igjen. Saïfi var dermed med på å rykkja ned frå den franske toppdivisjonen tre gonger på fire sesongar. Etter Ajaccio drog han til endå ein nyopprykt klubb, Lorient. Klubben vart verande i Ligue 1, og Saïfi vart verande i klubben, fram til 2009, då han drog til klubben Al-Khor i Qatar. I februar 2010 vart han lånt ut til Istres i Ligue 2 i Frankrike for resten av 2009/10-sesongen.

Saïfi debuterte for Algerie sitt A-landslag 5. juni 1998 i ein vennskapskamp mot Bulgaria. Han skåra det første landslagsmålet sitt 28. februar 1999 mot Liberia.