Denne artikkelen handlar om hovudstaden i Algerie. For organismane, sjå algar.

Alger er hovudstad og den største byen i Algerie i Nord-Afrika. I følgje ei folketeljing i 1998 var budde det 1 519 570 innbyggjarar i sjølve byen, 2 135 630 i byområdet, og 3 518 083 i omlandet til byen, og for heile Provinsen Alger 5 723 749 (2006). Byen vert kalla «den kvite» på grunn av dei skinande kvite bygningane.

الجزائر
Kysten av Alger
Kysten av Alger
Kysten av Alger
Byvåpenet til Alger

Kallenamn
«Al-Bahjah (البهجة), Alger la Blanche, 'den kvite Alger'»
Styresmakter
Land
Wilaya
Algerie
Provinsen Alger
Grunnlagd 944 evt.
Geografi
Flatevidd 363 km²
Flatevidd
 - By

272,97 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
 - Byområde
 - Storbyområde

1 519 570
2 029 936
3 518 083
Koordinatar 36°42′″N 3°13′″EKoordinatar: 36°42′″N 3°13′″E
Høgd over havet 10 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 16000-16132
Plassering
Plassering av Alger
Plassering av Alger

Byen ligg ved kysten heilt vest i Middelhavet. Namnet kjem frå det arabiske ordet al-jazā’ir, som tyder «øyane», og refererer til dei fire øyane som låg like utanfor kysten før dei vart ein del av fastlandet i 1525. Al-jazā’ir er i seg sjølv ei kortare utgåve av det gamle namnet på byen, jazā’ir banī mazghannā, «øyane til (stamma) Bani Mazghanna», som vart brukt av geografar som al-Idrisi og Yaqut al-Hamawi tidleg i mellomalderen. Det urbane området Stor-Alger er det største i Maghreb etter Stor-Casablanca. Den moderne delen av byen er bygd på flat grunn ved stranda, medan den gamle delen av byen er bygd i dei bratte klippene bak den moderne byen med festninga som krona på verket, 120 meter over havet. Festninga og dei to kaiane dannar ein trekant.