Ragazzo Solo, Ragazza Sola
Ragazzo Solo, Ragazza Sola Singel av David Bowie | ||
B-side |
«Wild Eyed Boy from Freecloud» | |
---|---|---|
Utgjeve | november 1969 | |
Innspelt | Trident Studios | |
Sjanger | Spacerock, psykedelisk folk | |
Lengd | 5:15 | |
Selskap | Philips | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie, Mogol | |
Produsent | Gus Dudgeon | |
David Bowie-kronologi | ||
«Space Oddity» (1969) |
Ragazzo Solo, Ragazza Sola | "The Prettiest Star" (1970)
|
«Ragazzo Solo, Ragazza Sola» er ein versjon av den første hitsingelen til David Bowie, «Space Oddity» med italiensk tekst skriven av Mogol.
Denne spesielle versjonen av «Space Oddity» vart laga for den italienske marknaden i november 1969. To italienske band, Equipe 84 og The Computers hadde alt spelt inn sine eigne italienske versjonar av «Space Oddity» og plateselskapet til Bowie følte truleg dette som ein trugsel for sjansane til Bowie sin eigen versjon i Italia. I staden for å omsetje den originale versjonen, skreiv Mogolo ein ny tekst, ei kjærleikssoge om eit ungt par som møtes på toppen av eit fjell, «Ragazzo Solo, Ragazza Sola» tyder «Einsam gut, einsam jente».
Denne versjonen vart seinare gjeven ut på albumet Rare å deluxe utgåva av albumet Space Oddity i 2009.
Innhald
endre- «Ragazzo Solo, Ragazza Sola» (Bowie, Mogol) – 5:15
- «Wild Eyed Boy from Freecloud» (Bowie) – 4:59
Medverkande
endre- Musikarar:
- David Bowie – Vokal, gitar, stylophone
- Herbie Flowers – Bass
- Terry Cox – Trommer
- Rick Wakeman – Mellotron
- ukjend strykeseksjon