Ragnar Solberg
norsk diktar
Ragnar Tollef Lae Solberg (30. september 1898–9. desember 1967)[1] var ein norsk diktar. Nasjonalt kjent er han som lyrikar. Ragnar Solberg vart fødd på Fokstua på Dovre av foreldra Anton Solberg og Marit Domaas. Ragnar Solberg levde så godt som heile sitt liv på Fokstua. Han gav ut fleire diktsamlingar både på riksmål og på dovremål. I tillegg var han ein aktiv skribent. Ragnar Solberg dreiv Fokstua hotell frå 1928.
Ragnar Solberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. september 1898 Dovre |
Død |
9. desember 1967 (69 år) |
Yrke | lyrikar |
Verk endre
- Is-Gud, 1937.
- Du fjell, 1938.
- Livs-skurd, 1950.
- Ljos, 1953.
- Kjærlighet til lyset, 1966.
- Dikt i utval, 1968.
Litteratur om Ragnar Solberg endre
- Lunde, Jon Vegard 1998: Vindharpens mester: Ragnar Solberg, Diktaren på Dovrefjell
- Myhren, Johs. 1985; Dovrediktaren Ragnar Solberg, side 68-80, Årbok for Gudbrandsdalen. Årgang 53. 1985.
Fotnotar endre
Bakgrunnsstoff endre
- Store Norske Leksikon om Solberg.
- Digitaliserte bøker av Ragnar Solberg hjå Nasjonalbiblioteket