Opna hovudmenyen

Dovre kommune

kommune i Oppland

Dovre kommune ligg nord i Gudbrandsdalen i Oppland fylke og grensar i vest til Lesja kommune, i sør til Vågå og Sel, i aust til Folldal i Hedmark og i nord til Oppdal i Sør-Trøndelag. Store delar av kommunen ligg høgt over havet og inkluderer Snøhetta og nordlege delar av Rondane. I kommunen ligg det to kjente fjell; Snøhetta og Rondeslottet. Den mest kjente innsjøen er Vålåsjøen på Dovrefjell.

Dovre kommune
kommune
Dovre panorama.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Adm.senter Dovre
Areal 1 364 km²
 - land 1 352 km²
 - vatn 12 km²
Folketal 2 642 (1. januar 2018)
Folketettleik 2 / km²
Målform nøytral
Ordførar Bengt Fasteraune (Sp)
Kommunenr. 0511
NO 0511 Dovre.svg
Wikimedia Commons: Dovre
Nettstad: www.dovre.kommune.no

Dei to viktigaste tettstadene er Dovre og Dombås. I tillegg kjem Dovreskogen. Kommunesenteret ligg på tettstaden Dovre, medan kommunikasjonsknutepunktet er Dombås. Her skil trafikken mot Trøndelag og Møre og Romsdal lag.

Kommunen er kjent for eit rikt plante og dyreliv. Delar av kommunen inngår i tre nasjonalparkar: Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, Rondane Nasjonalpark og Dovre nasjonalpark.

Hovudnæringane i kommunen er landbruk, reiseliv, handel og service.

KommunikasjonarEndra

Dombås er kommunikasjonsknutepunktet. Her startar Raumabana som går ned til Åndalsnes. Dovrebana går sørover til Oslo og nordover til Trondheim. På Dombås tar E-136 av frå E-6. I kommunen ligg det fleire historiske skysstasjonar; Hjerkinn, Fokstua, Lie seinare flytta til Dombås, Tofte seinare flytta til Toftemo og Dovreskogen seinare flytta til Brennhaugen.

GeografiEndra

 
Kili gard i Dovre
Foto: Erlend Bjørtvedt
 
Dovre stasjon på Dovrebanen
Foto: Jan-Tore Egge

Gjennom kommunen renn Gudbrandsdalslågen. Delar av kommunen inngår i tre nasjonalparkar: Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark, Rondane Nasjonalpark og Dovre nasjonalpark. I kommunen ligg det 2 kjente fjell; Snøhetta og Rondeslottet. Den mest kjente innsjøen er Vålåsjøen på Dovrefjell.

Dyre- og plantelivEndra

Kommunen er kjent for eit rikt plante- og dyreliv. Spesielt kan nemnast moskusen som òg er avbilda i kommunevåpenet. Det er òg bestandar av villrein og jerv i kommunen. Fokstumyrene er internasjonalt kjent for sitt rike fugleliv. Planta mogop er avbilda i fylkesvåpenet for Oppland.

KlimaEndra

Dovre har innlandsklima med lite nedbør, kalde vintrar og relativt kjølige somrar grunna kommunens høgd over havet. Det er betydelege skilnader mellom dag- og nattetemperaturen i sommarhalvåret. Normalverdiar for perioden 1961−1990 er gitt i tabellen nedanfor.

Normalar for Dombås (645 moh.)[1] Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperaturnormal (°C) −9,4 −8,2 −4,3 0,3 6,5 10,7 12,0 11,1 6,6 2,2 −4,3 −7,7 1,3
Nedbør (mm) 33 25 23 14 27 51 57 49 40 43 35 33 430

Dovre har noregsrekorden for lågaste registrerte årsnedbør. På Hjerkinn blei det i 1914 målt så lite som 65 mm nedbør.

KommunevåpenEndra

Moskusen er eit sentralt symbol for kommunen, og inngår i kommunevåpenet. Han representerer styrke, byrgskap og sjølvrådigskap, og refererer til den faste, ville moskusstammen i kommunen.

Kjente dovringarEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra