Ola Wærhaug (fødd 24. desember 1937) er ein tidlegare skiskyttar frå Skedsmo. Han vart verdsmeister i skiskyting 1967 i Altenberg med Noregs lag på 4 x 7,5 km stafett.

Ola Wærhaug
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. desember 1937 (86 år)
Skedsmo kommune
Yrke skiskyttar

Aktiv endre

Under VM i skiskyting 1965, avvikla i Elverum, vart Wærhaug nummer fire på 20 km. Saman med Olav Jordet, Ragnar Tveiten og Ivar Nordkil utgjorde han i same meisterskapen det norske laget som vann den uoffiselle VM-tevlinga over 4x7,5 km stafett. Året etter kom tevlingsforma stafett med på det offisielle VM-prgrammet.

Høgdepunktet for skiskyttaren Wærhaug kom under verdsmeisterskapen i skiskyting 1967 i Altenberg. Han gjekk då startetappen for det norske stafettlaget som sikra seg gullmedaljane, dei andre på vinnarlaget var Olav Jordet, Jon Istad og Ragnar Tveiten.

Wærhaug deltok i dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley, 1964 i Innsbruck og 1968 i Grenoble. Under leikane i 1968 vann han ein olympisk sølvmedalje i stafett, saman med Olav Jordet, Magnar Solberg og Jon Istad.

Kjelder endre