Ragnhild Bente Andersen

Ragnhild Bente Andersen (fødd 31. mars 1965) er ein norsk tidlegare orienteringsløpar frå Halden. Ho vart nordisk meister i 1993 og vann VM-gull i stafett i 1987. Andersen var i alle år medlem av Halden Skiklubb, ho var med å vinne seks stafettgull i noregsmeisterskap for klubben.

Ragnhild Bente Andersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. mars 1965 (59 år)
Halden kommune
Idrett orientering

Aktiv endre

Orientering endre

Andersen kneip bronsemedaljen ved langdistanse-NM 1986. Same året kom ho på fjerdeplass i den nordiske meisterskapen. I 1987 sprang ho den andre etappen for det norske mannskapet som vann VM-stafetten, dei andre var Ragnhild Bratberg, Ellen Sofie Olsvik og Brit Volden. Året etter vart det nytt stafettgull på Andersen, Bratberg og Volden, saman med Anne Line Nydal sigra dei veden den nordiske meisterskapen.

I 1990 vann Andersen tre gullmedaljar då noregsmeisterskapen vart avvikla i Selbu, etter ein suveren triumf på klassisk-distansen tok ho fyrsteplassen på kort-distansen, for så å ta Halden Skiklubb inn til topplass i stafetten. Gjennom fleire gode internasjonale løp vann ho verdscupen. Åra 1990, 1992, 1995 deltok ho på dei norske stafett-laga som vann sølv i nordisk meisterskap, i 1991 på laget som tok stafett-sølv i verdsmeisterskapen.

Under den nordiske meisterskapen 1993 i Finland vann Andersen gull i klassisk løype, sølv i kort løype og bronse i stafett. Same sesongen vart ho norsk meister i langdistanse, så vel som kortdistanse. Hausten 1995 vann ho gull på kortdistansen i NM og ho vart noregsmeister i nattorientering.

Friidrett endre

Andersen var ein løpssterk utøvar som i 1991 vart norsk meister i terrengløp.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre