Brit Volden (fødd 4. april 1960) er ein tidlegare orienteringsløpar frå Oslo. Ho vart nordisk meister i 1984 og 1986, dessutan vann ho tre stafett-gull i nordiske meisterskap og eitt VM-gull. Volden vart fire gongar norsk meister individuelt, åra 1981-84 var ho med om å vinne fire NM-gull i stafett for Bækkelaget SK.

Brit Volden
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. april 1960 (63 år)
Idrett orientering

Aktiv endre

Volden slo gjennom 19 år gammal, då ho var med å vinne VM-sølv i stafett for Noreg. Ho tok også NM-sølv på klassisk distansen, ein prestasjon ho gjentok året etter, begge gongane måtte ho sjå seg slått av Anne Berit Eid. År 1981 vart Volden noregsmeister på langdistansen og tok sølv på normaldistansen. I mellomtida vann ho sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i sveitsiske Thun, einast svenske Annichen Kringstad orienterte betre. I 1982-sesongen forsvarte meistertittelen i langdistanse-NM, kom på fjerdeplass individuelt og fekk sølv i stafett i nordisk meisterskap, samt NM-bronse på normaldistansen. Året etter vart ho noregsmeister på normaldistansen, etter å ha vorte nummer i verdsmeisterskapen.

Den 1. september 1984 i Bardu vart Volden nordisk meister framom landskvinna Jorunn Teigen. Dagen etter tok ho si andre gullmedalje då Noreg vann ein suveren siger på stafetten. Teigen, Ragnhild Bratberg og Ellen Sofie Olsvik var dei andre på meisterlaget. I den etterfylgjande 1985-sesongen vann Volden sølvmedaljen i den individuelle tevlinga under verdsmeisterskapen i Australia, ho fekk sølv også i stafetten. Deretter vart ho norsk meister i Korgen i Nordland.

Siste helga i august 1986 forsvarte Volden den nordiske meistertittelen på Åland, og saman med med nemnde Bratberg, Olsvik og Teigen sikra ho seg gull også i stafetten. I noregsmeisterskapen 1986 måtte ho nøye seg med bronse. Året etter fekk ho NM-sølv i langdistanse-NM, så vel som i NM klassisk løype. Under verdsmeisterskapen 1987 i Frankrike makta ikkje dei norske kvinnene å blande seg inn i medaljestriden i den individuelle tevlinga. Stafettlaget, beståande av Bratberg, Ragnhild Bente Andersen, Olsvik og ankerkvinne Volden, revansjerte seg og vart verdsmeistrar, minuttet føre favorittane frå Sverige.

År 1988 la norske kvinner beslag på alle medaljane i den individuelle tevlinga under den nordiske meisterskapen i Halmstad, Ragnhild Bratberg sigra framom Anne Line Nydal, Volden kom på bronseplass. Dei tre fylgde opp med å vinne Noregs tredje rake stafettgull i nordisk meisterskap, førnemnde Andersen tok seg av den andre etappen.

Volden deltok ikkje i orientering i 1989. Sidan var ho aktiv frå 1990 til 1994, utan å satse like sterkt som før. I 1992 lukkast ho vinne sølv i NM kort løype.

Kjelder endre