Opna hovudmenyen

Raidet på Nassau var ein privat finansiert fransk-spansk ekspedisjon under den spanske arvefølgjekrigen leia av Blas Moreno Mondragón og Clause Le Chesnaye. Den samla bourbonske styrken gjekk til åtak på Nassau, hovudstaden i engelske Bahamas ei tid og ein viktig base for sjørøvarverksemd for engelske sjørøvarar som hadde som mål å ende sjørøvarverskemda i Karibia mellom Cuba og Saint-Domingue. Byen Nassau vart raskt teken[7] plyndra og brend ned.[8][9][10]Fortet i Nassau vart riven ned og den engelske guvernøren, med alle dei engelske soldatane, vart førte bort som fangar.[11] Eit år seinare gjekk den nye engelske guvernøren Sir Edward Birch i land på Nassau og fann øya så forlaten at han vart tvungen til å ta skipet sitt heim att.

Raidet på on Nassau
Del av den spanske arvefølgjekrigen
NewProvidenceIsland1803.jpg
Eit gamamlt kart som syner øya i New Providence.
Dato Oktober 1703
Stad utanfor New Providence i Bahamas
Resultat Fransk-spansk siger, Nassau vert ei kort stund okkupert og øydelagd.[1][2]
Partar
Flagget til Spania Kongedømet Spania
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Flag of England.svg England
Kommandantar
Flagget til Spania Blas Moreno de Mondragón
Flagget til Frankrike Claude Le Chesnaye
Flagget til England Guv. Ellis Lightwood  #
Styrkar
2 fregattar
300~400 mann
300 mann
Tap
mindre 13 skip kapra[3]
100 fangar[4]
100 sivile drepne eller skadde[5]
22 kanonar teken[6]

RaidetEndra

Offiserane frå Spania og Frankrike, som såg Nassau som ein trussel for dei begge, sette i gang eit fransk-spansk tokt av franske sjørøvarar og spanske soldatar ombord på to fregattar, eit kommandert av Blas Moreno Mondragón og det andre av Claude Le Chesnaye. Dei overraska 250 engelske innbyggjarar i hovudstaden i New Providence og tok livet av meir enn 100, tok 22 kanonar og reiv ned alle festningsverka, før dei vendte attende til Santiago de Cuba eit par dagar seinare med 80-100 fangar. Mellom dei var guvernør Ellis Lightwood.[12][13]

EtterverknadEndra

Dei engelske innbyggjarane trekte til skogen til faren var over. Då dei kom attende fann dei øya fullstendig i ruinar og redusert til ein ørken. Dei flytta så til andre busetnader. England hadde så få forretningar med New Providence at dei ikkje ein gong kjende til katastrofen då det skjedde. Edward Birch var utpeikt som ny guvernør, men då han kom til Nassau fann han øya aude, så han måtte reise heim att utan å ha starta stillinga si.[14] Eit anna fiendtleg raid i 1706 etterlet berre 27 familiar att på New Providence Island.

KjelderEndra

  • Denne artikkelen bygger på «Raid on Nassau» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2011.
  • Baker, P. Bahamas, Turks & Caicos Lonely Planet Publishing (2001). ISBN 1864501995
  • Oldmixon, John. The history of the Isle of Providence Providence Press (1966).
  • Albury, Paul. The Story of the BahamasSt Martins Pr publishing (1976) ISBN 0312762658
  • Marley, F. David. Historic cities of the Americas: an illustrated encyclopedia ABC-CLIO(2005) ISBN 1576070271
  • Michael Craton & Gail Saunders. Islanders in the Stream: A History of the Bahamian People: Volume 1: From Aboriginal Times to the End of Slavery. University of Georgia Press (1999). ISBN 0820321222
  • Marley, F. David.. Wars of the Americas: A Chronology of Armed Konflikt in the New World, 1492 to the Present ABC-CLIO (1998). ISBN 0874368375
  • Sale, George, Psalmanazar, George, Bower, Archibald. The modern part of A universal history, from the earliest Vol.36. Millar (1747).
  1. Baker s.21
  2. Marley s.226
  3. Marley s. 226
  4. Marley s. 226
  5. Marley s. 226
  6. Marley s. 226
  7. Albury s.55
  8. Marley s.226
  9. Craton/Saunders s.103
  10. Albury s.55
  11. Marley s.7
  12. Marley s.226
  13. Marley s.7
  14. Sale/Psalmanazar/Bower s.290

Koordinatar: 25°3′36″ N 77°20′42″ W