Slaget ved Rio de Janeiro

Slaget ved Rio de Janeiro var eit raid i september 1711 mot hamnebyen Rio de Janeiro under den spanske arvefølgjekrigen av ein fransk skvadron under René Duguay-Trouin. Dei portugisiske forsvararane, inkludert guvernøren i byen og ein admiral frå ein flåte som var ankra opp der, klarte ikkje å setje opp ein effektiv motstand, trass i at dei hadde fleire folk. ' Fire portugisiske linjeskip gjekk tapt, og byen måtte betale løysepengar for å forsvarsverka ikkje skulle jamnast med jorda.

Slaget ved Rio de Janeiro
Del av den spanske arvefølgjekrigen

Skisse av slaget av Duguay-Trouin
Dato 12. til 22. september 1711
Stad Rio de Janeiro i Brasil
Resultat Fransk siger
Partar
Flagget til Portugal Portugal  Frankrike
Kommandantar
Gaspar da Costa
Francisco de Moraes de Castro
René Duguay-Trouin
Styrkar
3 000 soldatar
4 000 militssoldatar[1]
4 linjeskip[2]
3 800+ menn
7 linjeskip, 11 andre skip[2]
Tap
300+[1]
Den spanske arvefølgjekrigen: Vestindia
Santa Marta – Guadeloupe – Nassau – Colonia del Sacramento – Cartagena de Indias – 1. Rio – 2. Rio – Cassard

Bakgrunn endre

Det var fleire årsaker til at franskmennene planla eit åtak på Rio de Janeiro. Først hadde kommandanten Duguay-Trouin personlege årsaker, for han var nesten konkurs. Den andre årsaka var politisk. Krigen hadde ikkje gått så bra for Frankrike. Etter nederlaget i slaget ved Malplaquet var fienden no på fransk jord og den franske moralen var låg. Det var stort behov for ein militær suksess. Den tredje årsaka var spørsmålet om ære. Året før hadde sjørøvaren Jean-François Duclerc prøvd å angripe Rio, men raidet enda i katastrofe. Duclerc og 600 av soldatane hans vart tekne til fange og haldne i uakseptable tilhøve. Portugisarane nekta å bytte dei, slik det stod skriven i den fransk-portugisiske avtalen frå 1707, og i tillegg vart Duclerc drepen i fengsel under mystiske omstende i mai 1711. Franskmennene ønskte å frigjere desse fangane og kanskje erobre område i Brasil.

Førebuingar endre

I desember 1710 godkjende kong Ludvig XIV planen til Duguay-Trouin og gav han ein flåte på 17 skip med totalt 738 kanonar og 6 139 menn. Den franske statskassen kunne ikkje finansiere utrustinga til skvadronen, så Duguay-Trouin måtte søke private støttespelarar i Saint Malo og i det kongelege hoffet. Han fekk stor støtte hos greven Toulouse.

Til slutt var skipa klare, og for å lure den britiske marinen, som var allierte av portugisarane, vart skipa førebudde i forskjellige hamner og forlet Europa til forskjellige tider og samla seg utanfor La Rochelle den 9. juni 1711. Britisk etterretning var likevel klar over målet til Duguay-Trouin og sende ein eit skip for å åtvare portugisarane, både i Portugal og i Rio. Dei sendte òg ein flåte under John Leake for å blokkere Duguay-Trouin før han segla ut frå Brest, men dei kom to dagar for seint.[2]

Slaget endre

Trass i den britiske åtvaringa kom franskmennene overraskande på i hamna i Rio den 12. september. Den britiske meldinga hadde nådd fram i august, og guvernør Francisco de Moraes de Castro kalla ut militsen sin og førebudde seg, og rykte om at det var observert segl utanfor Cabo Frio tidleg i september hadde igjen gjort at dei var på alerten. Den 11. september gav derimot guvernøren militsen ordre om å trekke seg attende, like før Duguay-Trouin førebudde seg til å gå inn i hamna.[3] Kommandanten på «Le Lys», Courserac , leia skvadronen direkte inn i Riobukta, mellom festningane som låg på linje ved inngangen til hamna, og rett mot sju portugisiske krigsskip som låg der. Den portugisiske flåtekommandanten, admiral Gaspar da Costa, kunne ikkje gjere noko anna enn å kutte kablane i håp om få skipa sine i rørsle. Tre av slagskipa grunnstøtte og vart øydelagde av portugisarane for å hindre at dei vart kapra. Det fjerde vart teken av franskmennene og sett i brann. Kanoneld frå festningane, som no var underbemanna etter å ha fått ordre om å trekkje seg attende, gjorde noko skade på den franske flåten, og dei tapte 300 mann før dei klarte å passere festningane.[1]

Etter tre dagar med bombardement, gjekk franskmennene i land med 3 700 mann og gjekk til åtak på byen. Guvernøren i Rio, Castro-Morais, hadde forskansa byen etter dei franske åtaka året før, men var svak leiing førte til at forsvaret gav etter under det franske bombardementet. Etter eit råd den 21. september, der Moraes gav forsvararane ordre om å halde linja, byrja militsen å desertere på natta. Dagen etter byrja ei generell flukt frå byen, som omfatta guvernøren. Under dei uorganiserte omstendene vart dei franske fangane frå raidet til Duclerc sette fri.

Etterverknad endre

Duguay-Trouin, som hadde førebudd seg på å storme byen, fekk melding om at forsvararane hadde flykta av ein av Duclerc sine menn. I løpet av dei neste dagane fekk franskmennene kontroll over skansane kring bukta., men gullet i byen fekk han ikkje tak i. Han fekk melding om at forsterkingar var på veg frå São Paulo under António de Albuquerque og truga Moraes om at han ville øydelegge forsvarsverka i byen om han ikkje betalte ein viss sum, noko Moraes gjekk med på. Då franskmennene forlet byen tok dei mest seg eit bytte estimert til fire millionar pund, inkludert afrikanske slavar, som Duguay-Trouin seinare selde i Cayenne.

Flåten kom uskadd attende til Brest i februar 1712. Ekspedisjonen hadde vore ein suksess for Frankrike og ein økonomisk suksess for inverstorane. Den franske marinen hadde synt at dei framleis var til å rekne med over store avstandar.

Denne handlinga skulle verte eit problem i fransk-portugisiske forhold i mange år frametter.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Boxer, s. 96
  2. 2,0 2,1 2,2 Boxer, s. 94
  3. Boxer, s. 95