Rainpower
Rainpower ASA er eit norsk selskap som utviklar, konstruerer, produserer og sel utstyr for generering av elektrisk energi frå vassenergi.
Rainpower ASA | |||
Bransje | vasskraft | ||
---|---|---|---|
Skipa | 2007 | ||
Eigar | Ard Group AS | ||
Dotterselskap |
| ||
Hovudkontor | Kjeller | ||
Land | Noreg | ||
Produkt | turbin, ventil, regulator | ||
Styreleiar | Diderik Børsting Schnitler | ||
Tilsette | ca. 300 | ||
Nettstad | rainpower.no |
Eigarskap
endreRainpower ASA er eigd av Ard Group AS.
Stader med eiga verksemd
endreHovudkontoret er på Kjeller, nær Oslo. Andre stader med eiga verksemd er Bryn (Oslo), Trondheim (turbinlaboratoriet), og Sørumsand (verkstad). Verksemd utanfor Noreg er i Peru, Tyrkia og Kina.
Produkt
endreFøretaket utviklar og testar nye nye francisturbinar, peltonturbinar, kaplanturbinar og reversible pumpeturbinar, lagring av overskotsenergi i vassreservoar. Det leverer òg småkraftanlegg, turbinregulatorar, oljetrykksanlegg, ventilregulatorar, magnetiseringsutstyr, ventilar, vassveg, røyr og andre produkt og tenester.
Historie
endreSelskapet går attende til 1853, då Kværner Brug AS vart skipa av Oluf A. Onsum. Seinare var det slege saman med Sørumsand Verksted. Kværner tok så over vassenergiverksemda til Nohab, KMW, Tampella og andre og voks snøgt. I 1999 kjøpte General Electric Company Kværners vassenergiverksemda og etablerte seg under namnet GE Hydro. I 2005 selde GE Hydro Sørumsand verkstad til NLI AS; to år seinare kjøpte dette selskapet heile den norske vasskraftverksemda frå GE, og etablerte Rainpower ASA.