Ralik-kjeda er ei øykjede i Marshalløyane i Stillehavet. Ralik tyder 'solnedgang', medan namnet på den andre øykjeda i Marshalløyane, Ratak, tyder 'soloppgang'. Innbyggjartalet på Ralikøyane var 19 915 i 1999. Øygruppa har ca. 20 000 innbyggjarar. Mange øyar er ikkje folkesette, og på Bikiniatollen i øykjeda kan ein ikkje bu på etter ei rekkje prøvesprengingar her på 1940- og 1950-talet.

Ralik
øygruppe
Land  Marshalløyane
Kart
Ralik
8°N 167°E / 8°N 167°E / 8; 167
Marshalløyane med Ralik- og Ratakøyane

Geografi endre

Ralik-kjeda ligg ca. 200 km vest for Ratakøyane, og strekkjer seg ca. 1 300 km i nordvestlig retning. Ralik-kjeda består av 15 atollar og 3 øyar.

Historie endre

 
Administrativt kart over Marshalløyane frå 1897.

Ralik-øyane har truleg vore folkesett av mikronesiarar sidan ca. 1000 f.Kr. Dei blei oppdaga av europearar i 1526 av den spanske kapteinen Alonso de Salazar, og blei også vitja av Álvaro de Saavedra kring 1529. Øyane kom seinare under spansk suverenitet.

Neuguinea-Compagnie, eit tysk handelsselskap, etablerte seg på Ralik-kjeda kring 1859. 22. oktober 1885 kjøpte Det tyske keisarriket alle Marshalløyane av Spania. Selskapet forvalta øyene fram til 13. september 1886, då området blei eit tysk protektorat. I 1906 blei det ein del av Tysk Ny-Guinea.[1] Japanarar vitja øyane i 1885.

Under første verdskrigen blei området okkupert av Japan i oktober 1914, som i desember 1920 fekk eit forvaltingsmandat — det japanske stillehavsmandatet — over området av Folkeforbundet etter Versaillestraktaten i 1919.

Under andre verdskrigen blei øygruppa brukt som militærbase av Japan frem til USA erobra området våren 1944. Deretter kom øygruppa under amerikansk kontroll. Marshalløyane blei ein heilt sjølvstendig republikk i 1986.[1]

Øyar og atollar i Ralik endre

 
Kili er ei av øyane i Ralik.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Marshall Islands» (på engelsk). Henta 14. november 2009. 

Bakgrunnsstoff endre

8°00′N 167°00′E / 8.000°N 167.000°E / 8.000; 167.000