Ramón Ramírez
Jesús Ramón Ramírez Ceceña (fødd 5. desember 1969 i Tepic) er ein meksikansk pensjonert fotballspelar som spelte på midtbanen. Ramírez halde til mest av sin karriere i heimlandet, der han mellom anna representerte Chivas Guadaljara, Tigres og América. Hjå Chivas var han i 1997 med om å vinne det meksikanske meisterskapen. Han spelte òg for Chivas sin amerikanske systerklubb Chivas USA i MLS.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Jesús Ramón Ramírez Ceceña | ||
Fødd | 5. desember 1969 (54 år) | ||
Fødestad | Tepic i Mexico | ||
Høgd | 173 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1988–1990 1990–1994 1994–1998 1999 1999–2001 2002–2004 2005–2007 |
Tepic Santos Laguna Chivas Guadalajara América Tigres Chivas Guadalajara Chivas USA |
97 (12) 99 (12) 151 (21) 151 (21) 18 (3) 56 (1) 82 (6) 31 (2) | |
Totalt | 431 (44) | ||
Landslag | |||
1991-2000 | Mexico | 121 (15) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Ramírez nådde over ein periode på ni år å spele heile 121 landskampar og skåra 15 mål for det meksikanske landslaget. Den fyrste landskampen hans var eit oppgjer mot Ungarn den 4. november 1991, medan den siste opptredenen hans kom på bortebane i ein VM-kvalifiseringskamp mot Canada.
Han representerte landet sitt ved ei rekkje internasjonale sluttspel, inkludert VM i fotball 1994 i USA og VM i 1998 i Frankrike. Han var òg med om å vinne Confederations Cup i 1999, og dertil tre utgåver av det nordamerikanske meisterskapen CONCACAF Gold Cup.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Ramón Ramírez frå Wikipedia på dansk, den 21. april 2020.
- National-football-teams