Rambynas er ein 46 meter høg ås vest i Litauen ved elva Nemunas, nær grensa til Russland og Kaliningrad oblast. Ein meiner at det vart utført seremoniar her av heidenske litauarar. Det stod eit gammalt altar på åsen fram til tidleg på 1800-tapet, då toppen av åsen raste ut i Nemunas. Det finst fleire segner som omhandlar Rambynas og staden er framleis populær for litauiske festivalar.

Ein stein og eit nyheidensk altar på Rambynas

Ein stor del av åsen er alt vaska bort av Nemunas. Det vart gjort mykje arbeid som stod ferdig i 2003 for å bevare åsen frå vidare erosjon.

Åsen er ein del av Rambynas regionspark. Den næraste større byen er Tauragė.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre