Randa
Randa er ein kommune i distriktet Visp i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 438 innbyggjarar (2010) og eit areal på 55 km². Kommunesenteret ligg 1406 meter over havet. Han ligg mellom Weisshorn og Dom, og mellom Visp og Zermatt (9 km unna) og er den tredje øvste kommunen i dalen Mattertal.
Randa | |||
---|---|---|---|
Randa | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Valais | ||
Distrikt | Visp | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Leo Jörger | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
54,53 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
438 8 /km² | ||
Koordinatar | 46°06′0″N 7°47′0″E / 46.10000°N 7.78333°E | ||
Høgd over havet | 1406 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3928 | ||
Nettstad: www.randa.ch |
Lågaste punktet i kommunen er 1 270 meter, på grensa mot grannekommunen St. Niklaus. Høgste punktet er toppen av fjellet Dom på 4 545 meter over havet.
Han består av landsbyen Randa og grendene Lerch, Wildi og Attermänze.
Ulukker
endreFleire store naturkatastrofar har heimsøkt fjellandsbyen Randa, både i 1636, 1720, 1737 og 1819. Siste store ulukka hende i april-juni 1991. To store steinras i april og mai 1991 stengde vegen gjennom dalen og demde opp elva, som braut gjennom med stor styrke i juni og sette delar av landsbyen under vatn. Sju hestar og 35 småfe strauk med i rasa, og ei mengd hytter og feriehus. Om lag 33 millionar kubikkmeter steinmasse rausa ut.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Randa» frå Wikipedia på tysk, den 15. mars 2010.