Randulf
mannsnamn
(Omdirigert frå Randolph)
Randulf er eit mannsnamn med opphav i dei norrøne orda rọnd, 'rand', og ulfr, 'ulv'. Dei norrøne formene av namnet var Randolfr og Rǫndolfr.
På engelsk er namnet kjend som Randolph med variantane Randal og Randall og forkortingane Randy og Ralph.
Randulf har norsk namnedag den 12. februar.
Bruk
endreNamnet har vore i bruk i Storbritannia sidan mellomalderen, og kan også brukast som slektsnamn. Det har vore noko utbreidd i USA, der det var mest populært rundt 1950-talet.[1] I 1990 var det 48 309 amerikanske menn, eller 0,03 %, som heitte Randolph.
Det var 129 menn som heitte Randulf i Noreg i 2009.
Kjende namneberarar
endre- Randulph of Evesham, abbed og biskop av Worcester 1213–1214
- William Randolph Hearst (1863–1951), amerikansk mediemagnat og politikar
- Randolph Churchill (1849–1895), britisk politikar
- Randolph Scott (1898–1987), amerikansk skodespelar
- Johan Randulf Petter Giertsen (f. 1957), norsk jusprofessor
- Randolf Walderhaug (f. 1958), norsk skodespelar
Kjelder
endre- Søk etter norsk namnestatistikk for Randulf hjå Statistisk Sentralbyrå
- Denne artikkelen bygger på «Randulf» frå Wikipedia på bokmål, den 11. februar 2009.
- ↑ «Popular Baby Names». Social Security Administration. Statistikk for namn i USA (engelsk)