Rangitataøya
Rangitataøya er ei lang linseforma øy i elvedeltaet til den forgreina Rangitataelva i Canterburyregionen på New Zealand, om lag halvvegs mellom Timaru og Ashburton. Øya er om lag 17 km lang og fem km brei på det meste. Ho er lågtliggjande og består for det meste av grøderikt jordbruksland.
Rangitata Rangitata Island | |||
øy | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Canterbury | ||
Rangitataøya 44°06′53″S 171°26′52″E / 44.1146°S 171.4479°E |
Øya er ei av dei største deltaøyene i landet, og også den einaste som vert kryssa av riksvegsnettet på New Zealand, då State Highway 1 kryssar henne i den nordlege enden; og den einaste staden der riksvegen forlet båe dei to største øyene i landet.
Flyplassen Rangitata Island Aerodrome ligg like aust for brua til State Highway 1. Denne private flystripa er open for offentleg bruk.
Flystripa hyser også ei samling av eldre mikrofly, og delar av fly, flyskrog og andre ting av interesse.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Rangitata Island» frå Wikipedia på engelsk, den 20. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- NZ AIP vol 4: NZRI - Rangitata Island Aerodrome
- Moth Manor Cottage Arkivert 2011-07-26 ved Wayback Machine.
- Geraldine Flying Group Arkivert 2011-11-09 ved Wayback Machine.
- East Canterbury Aviation Ltd Arkivert 2012-02-07 ved Wayback Machine.
- Air Gear Arkivert 2010-06-02 ved Wayback Machine.