Rapperswil-Jona er ein by og ein kommune i valkrinsen See-Gaster i kantonen St. Gallen i Sveits. Kommunen har 26 212 innbyggjarar (2010) og eit areal på 22 km². Kommunesenteret ligg 409 meter over havet. Byen Rapperswil-Jona er den nest største i kantonen etter hovudstaden St. Gallen.

Rapperswil-Jona
Rapperswil-Jona sett frå Kempraten-Lenggis, Jona til venstre, Rapperswil og Seedamm til høgre, Obersee (øvre Zürichsjøen) og Lachen (SZ) i bakgrunnen (mars 2010)

Kommunevåpenet til Rapperswil-Jona
Kommunevåpenet til Rapperswil-Jona

Plassering
Rapperswil-Jona is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton St. Gallen
Distrikt See-Gaster
Språk tysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

22,17 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

26 212
  1 182,3 /km²
Koordinatar 47°13′0″N 8°49′0″E / 47.21667°N 8.81667°E / 47.21667; 8.81667
Høgd over havet 409 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 8640
Nettstad: www.rapperswil-jona.ch

Utanom Rapperswil og Jona, som var eigne kommunar fram til 2006, består kommunen av Bollingen, Busskirch, Curtiberg, Kempraten-Lenggis, Wagen og Wurmsbach.

Landområdet Rapperswil-Jona består av 37,4 % landbruk, 30,6 % skog, 28,6 % bygningar og vegar, dei siste 3,4 prosentane er elvar og sjøar.

Demografi

endre

86,9 % har tysk morsmål, medan dei nest mest utbreidde språka er italiensk med 3,1 % og serbokroatisk med 2,1 %.

Historie

endre

Rapperswil kan syne til busetjing frå omkring 5 000 år tilbake. Rapperswil slott er bygt om kring år 1220 av greven av Rapperswil.

Rapperswil stod som ansvarleg arrangør av Verdsmeisterskapen i orientering 2003.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre