Serbo-kroatisk er eit omstridd omgrep for dei fire sørslaviske språka serbisk, kroatisk, bosnisk og montenegrinsk. Det var rekna som offisielt språk i Jugoslavia,

Kroatisk
srpskohrvatski, hrvatskosrpski

српскохрватски, хрватскосрпски

Klassifisering Indoeuropeisk
 Slavisk
  Sørslavisk
   Vestleg
Bruk
Språkkodar
ISO 639-3 hbs
Det serbokroatiske språkområdet.
Kroatisk, serbisk, bosnisk og montenegrinsk språkområde.

Dei skriftlege variantane av desse språka stammar alle frå same dialekten (stokavisk) og stemmer overeins i stordelen av grammatikken og vokabularet, men er ulike i delar av vokabularet, detaljar i språknorma og i bruk av ulike alfabet (latinsk i kroatisk og bosnisk, for det meste kyrillisk i serbisk, begge i montenegrinsk). Om det dreiar seg om variantar av eitt og same språket eller fire nærskylde men sjølvstendige språk, er omstridd både i lingvistikken og mellom språkbrukarane sjølve.

Kroatisk Bosnisk Serbisk
Glede ispušnih plinova i zagađivanja zraka u Jeruzalemu, bilo bi potrebito poduzeti mjere sigurnosti! U pogledu izduvnih gasova i zagađivanja vazduha u Jerusalimu, bilo bi potrebno preduzeti mjere bezbjednosti! У погледу издувних гасова и загађивања ваздуха у Јерусалиму, било би потребно предузети мере безбедности!

I første halvdelen av 1800-talet prøvde ein både i Kroatia og Serbia å utvikle eit einskapleg standardspråk bygd på folkemålet. Serbaren Vuk Stefanović Karadžić var sentral i denne samanhengen. Mottoet hans var: Skriv som du talar! I 1850–1851 kom det på grunnlag av arbeidet til både Karadžić og kroatiske lingvistar til starten på ei normering av eit felles skriftspråk som på slutten av hundreåret fekk ei sams morfologisk og einskapleg ortografisk norm, trass i bruk av ulike alfabet. I vokabularet oppstod det visse skilnader, men i lingvistikken på den tida meinte ein at det var tale om eitt språk, og det vart kalla serbokroatisk.

Dette vart offisielt språk i det første, monarkistiske Jugoslavia etter første verdskrigen. Somme kroatar meinte at serbisk dominans blant dei styrande i staten gjorde at også vokabularet i det offisielle språket vart serbiskdominert, at kroatiske uttrykk var diskriminierte, og at kroatisk derfor måtte få status som eige språk.

I det andre, kommunistiske Jugoslavia var serbisk og kroatisk til å begynne med sedde på som to ulike språk, slik at staten først hadde fire offisielle språk, serbisk, kroatisk, slovensk og makedonsk. Men i 1954 vart det fastslått at det var eitt og same språket, tala av kroatar, serbarar, bosniarar og montenegrinar. Serbisk vart sidan kalla «den austlege varianten» og kroatisk «den vestlege varianten» av serbokroatisk. Slovensk og makedonsk fekk halde på statusen som offisielle språk, og same statusen fekk minoritetsspråka ungarsk og albansk i dei regionane dei blei tala.

I 1974 vart likevel kroatisk gjeninnført som undervisningsfag i skulen i Kroatia, men elles i landet vart nemninga serbokroatisk framleis bruka.

Sidan Jugoslavia gjekk i oppløysing har bosnisk, montenegrinsk, kroatisk og serbisk vorte offisielt sjølvstendige språk. Særleg i Kroatia blir språklege særtrekk trekte fram att.