Rasjonelt fjøsstell

Rasjonelt fjøsstell er namnet på ein norsk farse, forfatta av Hulda Garborg i 1896. Det stod på repertoaret til Det norske spellaget, forlauparen til Det Norske Teatret. Det vart plukka opp av ungdomslaga og er eit av dei mest spelte stykka i norsk teaterhistorie.

Rasjonelt fjøsstell sett opp av Undheim Revyteater under Garborgdagar i 2013.

Rasjonelt fjøsstell ironiserer over ei brytningstid i norsk landbruk. Det handlar om livet på ein norsk bondegard, der hovudpersonen Inger, litt meir lærd enn dei andre, ønsker å innføra den nye tida - jenter med kort hår som ikkje vert skittent, og menn som er åndelege snarare enn fysiske.

I 2013 blei det av Morgenbladet tatt med i Norsk dramakanon.

BakgrunnsstoffEndra