Rasulukka på Nese

Rasulukka på Nese var ei steinskrede som tok 45 menneskeliv på Nese i Arnafjorden i Vik i Sogn og Fjordane 2. desember 1811. Skreda gjekk i totida på natta og trefte klyngjetunet på Nese og knuste mest alle husa der og førte det med seg ned på fjorden. Før ulukka budde det kring 60 personar på Nese, etter skreda var dei berre 16 att og mange av desse var born. Dei hadde hatt soveplassen sin på lemmen, og difor vorte førte oppå skreda i større grad enn dei som sov i fyrste etasje på husa. Berre elleve av dei 45 omkomne vart attfunne slik at dei kunne gravleggjast. Dagen etter var Arnafjorden full av restar av husa på Nese og anna som raset hadde sopt med seg. Somt rak langt av stad og ein fjosvegg med ei fasttjora kyr skal ha vorte funnen att inne i sjølve Sognefjorden ved Vangsnes.

Minnesmerket (innvigt 2008) med 45 steinar frå raset – ein til kvar av dei omkomne.

Kyrkja på Nese, Arnafjord kyrkje, vart ikkje råka av skreda.

I 2008 vart det innvigd eit minnesmerke på Nese over dei som omkom i skreda.[1]

Kjelder endre

Referansar endre