Rat für deutsche Rechtschreibung

Rat für deutsche Rechtschreibung («Rådet for tysk rettskriving»), forkorta RdR, er det viktigaste internasjonale reguleringsorganet for tysk rettskriving. Rådet har hovudsete i Mannheim i Tyskland og blei oppretta i 2004 som ein etterfylgjar til Zwischenstaatliche Kommission für deutsche Rechtschreibung («Den mellomstatlege kommisjonen for tysk rettskriving»), for å femne om både forkjemparane og motstandarane av den tyske rettskrivingsreforma i 1996 (og seinare reformer).[1]

     Det tyske språkrommet og fullverdige medlemmar av det tyske rettskrivingsrådet.

RdR består av 39 medlemmar frå land og regionar i det tyske språkrommet (deutsche Sprachraum):[2]

Luxembourg var ikkje med å utforme reforma i 1996 og er heller ikkje eit fullverdig medlem av rådet, trass i at landet har tysk som eit av sine offisielle språk. Luxembourg deltek likevel i La Francophonie og har medlemmar i Académie française.[3]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre