Ratko Mladić

(Omdirigert frå Ratko Mladic)

Ratko Mladic (fødd 12. mars 1942 i Kalinovik i Bosnia) er ein serbisk domfelt krigsforbrytar som var generaloberst og øvstkommanderende for den bosnisk-serbiske hæren under borgarkrigen 1992–95.

Ratko Mladić

Fødd12. mars 1943
FødestadBožanovići
RangGeneraloberst, soldat, general
EiningDen jugoslaviske folkehæren, Hæren til Republika Srpska
KonfliktarKroatiakrigen, Brakkeslaget, Omleiringa av Sarajevo, Operasjon Lukavac 93, Srebrenica-massakren

Mladić leia dei bosnisk-serbiske styrkane i omleiringa av Sarajevo frå 1992 til 1995, og ved Srebrenica-massakren i 1995. Etter desse handlingane blei han ettersøkt av NATO, og etter kvart også av Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for det tidlegare Jugoslavia (Jugoslavia-tribunalet). Han levde fram til 2002 i Beograd, verna av Serbia, medan Slobodan Milošević var statsleiar. Deretter gjekk han under jorda, men blei arrestert av serbisk politi i 2011, etter nesten 16 år på flukt. I 2017 blei han dømd til livstid i fengsel for folkemord, krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja.

Kjelder endre

  Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.