Raud blomsterbukk

billeart
Raud blomsterbukk



Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Coleoptera
Familie: Cerambycidae
Slekt: Corymbia
Vitskapleg namn
Corymbia rubra

Raud blomsterbukk er ein billeart i trebukkfamilien. Han finst i mesteparten av Europa, og er mellom anna vanleg i låglandet i Sør-Noreg. Namnet sitt har han fått på grunn av fargen og fordi dei har ein tendens til å vitja blomar, særleg frå artar i skjermplantefamilien.

Levesett

endre

Larvane hjå raud blomsterbukk går hovudsakleg på bartre, men har òg funnest på eik. Dei et først og fremst rotnande tre frå liggande stammar, røter, greiner og liknande. På denne måten lever dei i minst to år før dei forpuppar seg i mai/juni. Vaksne biller tek til å koma fram i juli, og er aktive ut august.

Kjelder

endre

Norges Biller