Raude hundar (Rubella) er ein barnesjukdom med utslett som vert forårsaka av rubellaviruset. Han er vanlegvis ein uskuldig sjukdom med feber og eit småflekka utslett. Raude hundar er òg ein reisesjukdom. Dette tyder auka risiko for å få barnesjukdomen ved reising. MMR-vaksinen som gjev vern mot raude hundar vert gjeven som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.

Raude hundar

Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:xxx
ICD-10-kode:B06
ICPC-2:A74
MeSHD012409

Tilstanden endre

Det medisinske namnet på raude hundar er rubella etter det latinske opphavsordet ruber, som tyder 'raud'. Raude hundar er som regel ufarlig hos barn, men det vert vaksinert mot sjukdomen i barnevaksinasjonsprogrammet fordi det gjev alvorlege misdannelser hos foster når gravide vert smitta.

Foster som er yngre enn 20 veker kan skadast viss gravide vert smitta (spontanabort eller medfødde misdanningar). Dette er årsaka til av vaksine vert rådt til. Dei fleste barn vert vaksinert. Men vaksine skal ikkje verta til gjeve gravide. Men enkelte utbrot i enkelte delar av folkesetnaden finst. Det vil alltid vera nokon som av einkvan grunn ikkje er vaksinert. Barnet er mest smittsamt 4 dagar før og opp til 7 dagar etter utslettet bryt ut. I land utan vaksinering vil sjukdomen opptre i epidemiar med nokre års mellomrom.

Kjelder endre