Abort er avbrotet av eit svangerskap før fosteret er ferdig utvikla,[1] slik at fosteret døyr. Det er vanleg å skilja mellom spontan abort, som skjer uventa og som følgje av feil ved fosteret, ytre påverknader eller ukjende grunnar, og provosert abort,[2] som kan skje som følgje av eit medisinsk inngrep eller gjennom vald mot livmora.

Abort kan vera eit medisinsk problem, eit rettsleg problem og eit etisk problem. Innan svangerskapsmedisin har ein arbeidd for å finna grunnar til at spontanabortar skjer og måtar å hindra dei på. Det er også blitt utarbeidd trygge måtar å framprovosera sjølvvald abort på. Etisk er abort omdiskutert, med ulik vekt lagt på den gravide kvinna sin rett til å bestemma over eigen kropp og helse, stilt opp mot fosteret sin rett til forsøk på liv. Rettsleg finst det mange ulike tilnærmingsmåtar til inngrepet, der abort kan vera totalforbode innan nokre rettssystem og nærast påkravd i andre.

Biologi endre

Spontan abort endre

Spontan abort kan skje gjennom heile svangerskapet fram til fosteret er levedyktig. Etter denne tida blir svangerskapsavbrot før fostertida er over kalla prematur fødsel. Det finst inga klar tidsgrense mellom spontanabort og for tidleg fødsel, og tidsrommet har flytta seg i takt med utviklingar innan nyføddmedisin.[3]

Det er ganske vanleg for kvinner å spontanabortera, særleg tidleg i svangerskapet. Mange befrukta egg forsvinn før kvinna er klar over at ho er gravid. I svangerskap som blir oppdaga, leier rundt 15 % til spontan abort.[3] Om kvinner spontanaborterer tre gonger etter kvarandre utan å oppnå ein barnefødsel, blir det sett på som habituell abort som kan trenga undersøking.[3]

Provosert abort endre

Innan moderne medisin kan ein framprovosera abort med medikament eller kirurgisk. Det er vanleg å kombinera antiprogesteron og prostaglandin som abortframkallande middel. Desse får som regel livmora til å støyta ut fosteret og alle svangeskapsprodukta. I nokre høve (ca. 3 %) trengst også ei kirurgisk utskraping. Abort med medikament kan i Noreg utførast heime fram til 9. svangerskapsveke og deretter på sjukehus.[2]

Kirurgisk abort kan føregå ved hjelp av eit vakuumsug etter at livmorhalsen er noko blokka opp. Inngrepet tek rundt 5 minutt, og blir utført under narkose. Operasjonen kan ha komplikasjonar som ufullstendig tømming, infeksjonar eller perforasjon av livmorveggen. Ved moderne medisinske metodar er det uvanleg med alvorlege komplikasjonar som eventuelt sterilitet.[2]

Årsaker til abort endre

Naturlege årsaker endre

Det finst mange grunnar til at spontanabortar hender, mange av dei ukjende. Hjå menneske skjer over halvparten av tilfella på grunn av kromosomfeil hjå fosteret.[3] Andre grunnar kan vera hormonforstyrringar og ulike infeksjonar.[3] Hjå husdyr kan ein oppleva abortepidemiar som følgje av baktriar som Brucella abortus, Campylobacter foetus eller Salmonella og virus som pestivirus, herpesvirus og parvovirus.[4]

Det er kjent at nokre kvinner har større sjanse for å abortera, og at denne aukar jo eldre dei vert. Spontanabortar kan òg skje på grunn av ytre faktorar, som svolt: Dersom mora ikkje har nok mat til seg sjølv, vil ho i alle fall ikkje ha nok mat til å fø eit barn.

I nokre artar er spontanabortar ein velutvikla overlevingsmekanisme: Hjå dei høgproduktive kaninane kan til dømes hoa ta opp fostera i kroppen igjen dersom ho føler seg svært truga. Ho unngår dermed å føda ungar i ein sårbar situasjon, og får tilbake all næringa ho har brukt på dei.

Årsaker til å ønska framprovosert svangerskapsavbrot endre

Kunstig abort kan verte utført på grunn av fare for mora eller ungen si helse under den kommande fødselen, fordi det er feil eller misdanningar ved fosteret, eller på grunn av sjukdom hos fosteret. Eit abortinngrep kan òg vere utført etter at kvinna har vorte utsett for valdtekt eller andre overgrep eller at kvinna har ein særs vanskeleg livssituasjon.

Kunstige abortinngrep kan òg verte gjennomført fordi fosteret ikkje fyller forskjellige krav foreldra har til det (eit døme på dette er kjønnsbestemt abort). Abort vert òg nytta som ei form for nødprevensjon etter samleie der det ikkje vart nytta prevensjon, eller prevensjonsmidla ikkje virka.

Syn på abort endre

Abortar av begge typar kan kalle fram sterke kjensler. Medan spontanabortar stort sett fører til sorg berre hjå dei det gjeld, er kunstige abortar eit emne som har vore (og er) underlagt stor debatt i store delar av (om ikkje heile) verda.

Nokre rørsler er bygd på religiøse, kulturelle og politiske (statlege) lovverk eller grunnpilarar som forbyr sjølvvald abort. Andre rørsler meiner at det er ei kvar kvinne sitt val om ho vil bera fram eit barn eller ikkje.

Dei mest radikale abortmotstandarane reknar alle former for sjølvvald abort som regelrett barnedrap, medan dei mest radikale abortforkjemparane meiner det er eit angrep på fridomen til ei kvinne (med andre ord menneskerettane) å nekte ho kontroll over sin eigen kropp.

I alle demokratiske land der det har vorte innført eiga abortlovgjeving i moderne tid har det vore sterke og klåre grupperingar for og mot. I mange tilfelle har folk vorte drepne grunna standpunktet sitt i abortspørsmålet.

Ofte går det eit skarpt skilje i abortspørsmålet mellom radikal-konservativt religiøse grupperingar og sekulære grupperingar, men det er langt i frå ein fast regel.

Abortsyn i norsk offentlegheit og media endre

I Noreg er ikkje nokon av dei mest radikale synspunkta lenger dominerande i offentlegdomen og media i særleg stor grad, men det finst radikale feministiske organisasjonar og radikal-konservative kristne organisasjonar med liknande formuleringar i føremålsparagrafane sine. Det er berre på motstandarsida at det finst eigne organisasjonar som berre konsentrerer seg om abortspørsmålet. Kristne meiningsberande media, som til dømes avisa Dagen tek oftare opp abort-debatten enn det som er vanleg elles i norsk media.


I dag er det relativt stor stønad i dei fleste norske samfunnsgruppene for den abortlovgjevinga Noreg har. Hausten 2013 gjorde Kristeleg Folkeparti, Framskrittspartiet og Høgre avtale om at fastlegar måtte få reservasjonsrett mot mellom anna å måtta tilvise pasientar til abort.[5]

Lovgjeving endre

Historisk har abort vore ukjend, skjult eller forbode mange stader. Først på 1900-talet blei inngrepet generelt godkjend i lovverk, først i Sovjetunionen i 1920, deretter på Island i 1935.

Abortlovgjevinga varierer frå land til land, der somme tillèt det til svært seint i svangerskapet, medan andre berre tillèt det i særskilde tilfelle, som når mora er i fare. Nokre få stader er all framprovosert abort forbode.

Den norske abortlova endre

 
Frå kvinnedagen 8. mars 2014 i Oslo: Forsvar kvinna sin rett til sjølvbestemt abort

I 1978 vart det gjort endingar i Lov om svangerskapsavbrudd som heilt klårt gav norske kvinner rett til å ta abort. Endringa av abortlova i -78 var kulminasjonen av ein hard og oppheita strid som hadde stått på lenge. Lova vart knappast vedteke i Stortinget med ikkje meir enn ei røyst i overvekt.

Etter lovendringa kan kvinner no sjølve avgjere om dei ønskjer å ta abort fram til den tolvte veka i svangerskapet. Etter tolvte veke i svangerskapet lyt ein søke om tillating hos ei sokalla abortnemnd. Abortnemnda kan innvilge inngrep om eitt av dei følgjande krava er oppfylt:

  1. det er fare for den fysiske eller psykiske helsa til kvinna
  2. kvinna har ein vanskeleg livssituasjon
  3. det er stor fare for sjukdom hos ungen (òg kalla eugenisk indikasjon)
  4. svangerskapet er eit resultat av valdtekt eller incest
  5. mora er psykisk sjuk eller -utviklingshemma.

Lova seier òg at «det skal legges vesentlig vekt på hvordan kvinnen selv bedømmer sin situasjon».

Etter atten veker er det ikkje tillate med abort. Lova opnar likevel for at nemnda kan innvilge inngrep om «det er særlig tungtveiende grunner for det» fram til den 23. veka i svangerskapet. Etter den veka reknar lovgjevaren (Stortinget) det som sannsynleg at eit foster kan vere levedyktig utan mora.

Om kvinna står i fare for å døy under fødselen kan abortinngrep gjennomførast på alle stadium av svangerskapet.

Politiske grupperingar endre

Partiet SV har programfesta at dei ynskjer fri abort fram til sekstande veka, noko som er i samsvar med krava åt organisasjonar som Kvinnefronten og Kvinnegruppa Ottar. Partiet Raudt har programfesta eit ynske om sjølvbestemt abort fram til attande veka. I Noreg er det organisasjonen Menneskeverd som frontar kampen mot fri abort.

Sambandsstatane og Irland endre

Medan debatten ikkje er særleg dominerande i norsk media lenger, er det framleis sterke kløyvingar i nokre av dei dominerande politiske miljøa i andre land om det bør vere lovleg å framprovosere ein abort.

I USA vart sjølvvald abort innført i 1973 med ei høgsterettsavgjerd i den sokalla «Roe vs. Wade»-saka. Høgsterett slo fast at lover som forbaud abort braut med den grunnlovsfeste retten til privatliv. I teorien gav Høgsterett høve til å innføra restriksjonar på abortar utførte i andre eller tredje trimester, men i praksis har alle seinare lovendringar som set avgrensingar på abort vorte avviste av retten som ukonstitusjonelle. Dersom pasienten klarar å finna ein lækjar som er viljug til å gjera inngrepet, er det juridisk sett inga grense for kor langt ut i svangerskapet ein kan taka abort. I USA vert det gjennomsnittlege teke 1,5 millionar framprovoserte abortar i året, og om lag 1 % av desse vert utførte etter den 21. svangerskapsveka. I Noreg er det ikkje lov å taka abort etter 23. svangerskapsveka med mindre livet åt mora er i akutt fåre.

Medan Høgsterett i USA ser på retten til abort som heimla i grunnlova, er stoda den motsette i Irland. Her vart det i 1983, etter ei folkerøysting om saka, lagt inn eit tillegg til grunnlova som slo fast "the right to life of the unborn, with due regard to the equal right to life of the mother'". I 1992 slo Høgsterett i Irland fast at eit 14 år gamalt valdtektsoffer kunne fara utanlands og taka abort av di det elles var fare for at ho kom til å taka sitt eige liv.

Kjelder endre

  1. «abort» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 2,2 Nesheim, Britt-Ingjerd. «Abort» (13. februar 2014). I Store medisinske leksikon.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Nesheim, Britt-Ingjerd. «Spontan abort» (12. februar 2014). I Store medisinske leksikon.
  4. Velle, Weiert Martin. «Abort hos husdyr» (10. januar 2014). I Store norske leksikon.
  5. Svendsen, Christine; Honningsøy, Kirsti Haga (1. oktober 2013). «Dette punktet nektet Venstre å skrive under på». NRK. 

Bakgrunnsstoff endre