Ravensbourne er ei sideelv til Themsen i det sørlege London, der ho renn gjennom bydelane Bromley, Greenwich og Lewisham. Ho er omkring 17,5 km lang, og tek opp vatn frå eit område frå 180 km².

Ravensbourne
Deptford Creek
elv
The river in Bromley
Land  England
Distrikt London Borough of Bromley, London Borough of Lewisham, London Borough of Greenwich
Tilløp
 - venstre Ravensbourne South Branch
Nedslagsfelt 180 km²
Byar Bromley
Lengd 17,4 km
Kjelde Keston
Kart
Ravensbourne
51°28′55″N 0°01′01″W / 51.482°N 0.017061111111111°W / 51.482; -0.017061111111111
Wikimedia Commons: River Ravensbourne

Elva har utspringet sitt ved Caesar's Well i Keston, omkring tre kilometer sør for Bromley. Ho renn først nordover, og det første stykket går gjennom allmenningar, inkludert Hayes Common og Bromley Common. Ho når så utkanten av Bromley. Etter dette går ho tildels i underjordiske kanalar.

Ved Catford renn Pool inn i Ravensbourne, og litt seinare møter ho òg Quaggy og fleire mindre bekker. Det siste stykket blir påverka elva av tidvatn; denne delen blir òg kalla Deptford Creek. Ravensbourne renn inn i Themsen ved Greenwich Reach nordaust for Deptford.

I Domesday Book (1086) vart det notert elleve kornmøller langs elva. Dagbokforfattaren John Evelyn kjøpte i 1668 ei av møllene for å måle fargepigment.

17. juni 1479 stod slaget ved Deptford Bridge mellom korniske opprørarar og kongelege styrkar. Slaga enda i fullstendig nederlag for opprørarane, og dermed slutten på det korniske opprøret.

Frå 1500-talet heldt mange mindre skipsbyggeri til langs elva på grunn av nærleiken til marineverftet Henrik VIII oppretta i Deptford. Elizabeth I adla Francis Drake ombord på «Golden Hind» på Deptford Creek då han i 1580 kom tilbake frå jordomseglinga si. Skipa låg på elva inntil det braut saman. Marineverftet vart nedlagt i 1869.

Det låg tidlegare ein stor kraftstasjon ved elva; denne er no riven og i 2000-åra byrja ei nyutvikling av området utanfor Deptford.

Kjelder endre