Ravensbrück

tysk konsentrasjonsleir for kvinner

Ravensbrück var ein illgjeten konsentrasjonsleir for kvinner i Nazityskland 90 km nord for Berlin. Leiren blei påbegynt i november 1938 etter ordre frå SS-leiaren Heinrich Himmler, og han stod klar til opning i mai 1939. Våren 1941 blei det oppført ein mindre leir for menn attmed hovudleiren.

I perioden 1939-45 passerte over 130 000 kvinnelege fangar gjennom leiren, og av desse overlevde berre 40 000. Fangane kom frå heile det tyskokkuperte Europa, men den største nasjonale gruppa var frå Polen.

Også fleire skandinaviske kvinner var i leiren, som var eitt av måla for redningsaksjonen med Dei kvite bussane våren 1945. I alt blei omkring 7 000 kvinner redda på den måten, ikkje berre skandinaviske, då Folke Bernadotte hadde forhandla seg fram til at aksjonen måtte ta alle sjuke fangar med.

Leiren blei frigjord 30. april av sovjetiske styrkar, og dei fann endå omkring 3 500 sjuke kvinner og barn pluss nokre hundre menn i leiren. Mange av desse var då så avkrefta at dei døydde i vekene etterpå.

Etter frigjeringa fungerte leiren som kaserne for sovjetiske soldatar heilt fram til 1994. Attmed kasernen blei det reist eit minnesmerke for leiren i 1959. Ved 50-årsfeiringa for slutten på andre verdskrigen i 1995 blei heile området opna for publikum, etter at dei sovjetiske soldatane hadde fare heim.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre