Real Gone
Studioalbum av Tom Waits
Språk engelsk
Utgjeve 5. oktober 2004
Sjanger Rock, eksperimentell, kabaret
Lengd 71:52
Selskap Anti
Produsent Kathleen Brennan
Tom Waits
Tom Waits-kronologi 
Alice
(2002)
Real Gone Orphans: Brawlers, Bawlers & Bastards
(2006)


Real Gone er eit musikkalbum av Tom Waits frå 2004.

Albumet er det einaste albumet til Tom Waits som ikkje inneheld piano, som har vore eit varemerke for han på mange plater og er meir rock- enn blues-prega enn tidlegare. Songane på albumet er strippa ned til tunge rytmar, gitarar og vokal. Waits nyttar stundom vokalen sin som einaste rytme på mange av songane, såkalla beatboxing, som på «Top of the Hill», «Don't Go Into the Barn», «Metropolitan Glide» og «Clang Boom Steam». Innimellom dei meir bråkete songane finn ein rolege balladar som «How's It Gonna End», «Green Grass», «Dead and Lovely» og «Trampled Rose». Sistnemnde vart spelt inn av Robert Plant og Alison Krauss på albumet deira Raising Sand frå 2007.

Albumet inneheld nokre av dei få politiske songane Waits nokon gong har skrive, særleg avsluttingssporet «Day After Tomorrow», der teksten er skrive som eit brev frå ein soldat i irakkrigen som lengtar heim. Tom Waits har sjølv skildra songen som ein «elliptisk» protestsong mot krigen.[1] Thom Jurek skildrar «The Day After Tomorrow» som «ein av dei mest innsiktsfulle og underdrivne antikrigssongane som er skrivne på mange tiår. Han inneheld ikkje noko form for banalitet eler sentimentalitet i den folkelege uttrykksmåten».[2]

Waits la ut på ein turné i samband med albumet i oktober-november 2004 i Nord-Amerika og Europa.

Innhald endre

Alle songane er skriven av Tom Waits og Kathleen Brennan, kona til Tom Waits.

  1. «Top of the Hill» – 4:55
  2. «Hoist That Rag» – 4:20
  3. «Sins of My Father» – 10:36
  4. «Shake It» – 3:52
  5. «Don't Go into That Barn» – 5:22
  6. «How's It Gonna End» – 4:51
  7. «Metropolitan Glide» – 4:13
  8. «Dead and Lovely» – 5:40
  9. «Circus» – 3:56
  10. «Trampled Rose» – 3:58
  11. «Green Grass» – 3:13
  12. «Baby Gonna Leave Me» – 4:29
  13. «Clang Boom Steam» – 0:46
  14. «Make It Rain» – 3:39
  15. «Day After Tomorrow» – 6:56
  16. «Chickaboom» – 1:17 (skjult spor)

Medverkande endre

Casey Waits er son til Tom Waits.

Fotnotar endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 20. november 2007 
  2. http://www.allmusic.com/album/real-gone-r703579