Rebbie Jackson

amerikansk songar

Maureen Reillette «Rebbie» Jackson, gift 'Brown (fødd 29. mai 1950) er ein amerikansk songar som var det det eldste barnet i den musikalske Jackson-familien frå Gary i Indiana. Ho var ikkje med i The Jackson 5, og følgde ikkje den musikalske karrieren sin i like stor grad som syskena.

Rebbie Jackson

Fødd29. mai 1950 (73 år)
FødestadGary
OpphavUSA
Aktiv1974–
Sjangerpop, soul, moderne R&B
Instrumentvokal
PlateselskapColumbia Records
Verka somsongar, musikar, skodespelar, låtskrivar
MorKatherine Jackson
FarJoe Jackson
BornAustin Brown

Karriere endre

Som attenåring gifte ho seg med Nathaniel Brown, og dei har i dag tre born saman. I 1976 opptredde ho saman med resten av Jackson-familien på eit fjernsynsshow som heitte The Jacksons. Ikkje før i 1984 gav Rebbie Jackson ut debut-plata si, Centipede. To år seinare gav ho ut oppfølgjaren Reaction, og i 1988 kom R U Tuff Enuff. Etter ein tiårspause frå musikk, gav ho ut ei ny plate i 1998; Yours FaithfullyMichael Jackson sitt plateselskap.

Etter at Michael Jackson døydde i 2009, fekk mora Katherine Jackson foreldreretten til dei tre barneborna sine, borna til Michael, Prince Michael, Prince Michael II og Paris Jackson. Det er likevel Rebbie som har den daglege omsorga for borna.

Diskografi endre

  • 1984 - Centipede
  • 1986 - Reaction
  • 1988 - R U Tuff Enuff
  • 1998 - Yours Faithfully

Kjelder endre