Rebecca Gablé (fødd 25. september 1964) er ein tysk forfattar av historiske romanar. Ho er best kjend for riddarromanar sett i mellomalderen. Ho verker også som omsetjar frå engelsk.

Rebecca Gablé

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 25. september 1964 (59 år)
Wickrath
Yrke mellomalderhistorikar, skribent, filolog, bankkasserar, omsetjar, litteraturvitar
Språk tysk
Rebecca Gablé på Commons

Liv og virke endre

Etter å ha gått ut av skulen byrja ho i 1984 på ein eittårig lærlingsperiode som bankassistent. Ho arbeidde totalt fire år i bank. På denne tida budde ho nær ein militærbase nytta av britiske Royal Air Force, og kom i kontakt med personellet der. Det gav henne ei intens interesse for engelsk språk og kultur, noko som stadig er tydeleg i dei litterære verka hennar.[1][2] Det kommersielle gjennombrotet hennar kom i 1997 med den fyrste historiske romanen hennar Das Lächeln der Fortuna, som det blei selt 200 000 eksemplar av i det fyrste året etter utgjevinga. I 1991 byrja ho studera litteraturvitskap og mellomalderstudiar ved Heinrich-Heine-Universität Düsseldorf, og tok magistergrad i 1996. Frå 1999 til 2000 hadde ho ei lærarstilling her innan gammalengelsk litteratur. I 2000 gav ho ut Das zweite Königreich, også ein historisk roman. Sidan det har ho hatt fleire bestseljarar i same sjanger. I tillegg til ein serie om den oppdikta Waringham-familien, som er tett knytt til det engelske kongehuset i mellomalderen og tidleg moderne tid, har Gablé skrive andre romanar som går føre seg i mellomalderen.[3]

Verk endre

  • Detektivromanar
    • Jagdfieber, 1995
    • Die Farben des Chamäleons, 1996
    • Das letzte Allegretto, 1998
    • Das Floriansprinzip, 1999
  • Waringham-serien
    • Das Lächeln der Fortuna, 1997
    • Die Hüter der Rose, 2005
    • Das Spiel der Könige, 2007
    • Der dunkle Thron, 2011
    • Der Palast der Meere, 2015
    • Teufelskrone, 2019
    • Drachenbanner, 2022
  • Helmsby-serien
    • Das Zweite Königreich, 2000
    • Hiobs Brüder, 2009
  • Otto den store-serien
    • Das Haupt der Welt, 2013
    • Die fremde Königin, 2017
  • Andre historiske romanar
    • Der König der purpurnen Stadt, 2002 (with slight references to Waringham series)
  • Andre bøker
    • Von Ratlosen und Löwenherzen, 2008 (popular science book about the English Middle Ages)

Kjelder endre

  1. «Rebecca Gablé». Bestseller-Autoren .... Die Autorin im Portrait. Orell Füssli Thalia AG (Der Orell-Füssli-Newsletter), Zürich (Der Orell-Füssli-Newsletter). Henta 2. januar 2022. 
  2. "Petra". «Rebecca Gablé». myFanbase GmbH, Herne. Henta 2. januar 2022. 
  3. Rebecca Gablé – Saga ohne Ende

Bakgrunnsstoff endre