Opna hovudmenyen

Abdullah Gül (fødd 29. oktober 1950 i Kayseri) var president i Tyrkia frå 2007 til 2014. Han høyrer til partiet AKP.

Abdullah Gül
Abdullah Gül 2011-06-07.jpg
Fødd29. oktober 1950
Kayseri
Statsborgar avTyrkia
PartiAdalet ve Kalkınma Partisi
Yrkepolitikar, diplomat, samfunnsøkonom
InstitusjonarSakarya University
Utdanna vedIstanbul University Faculty of Economics
University of Exeter
University of London
EktefelleHayrünnisa Gül

Gül har utdanning i økonomi frå Universitetet i Istanbul, med doktorgrad derfrå i 1983.[1] Han arbeidde som økonom ved den islamske utviklingsbanken i Jidda frå 1983 til 1991.[1]

Etter at AKP vann valet i 2002 var Gül var statsminister frå november 2002 til mars 2003.[1] Partileiaren Recep Tayyip Erdogan kunne ikkje verte statsminister fordi han var tidlegare straffedømd for religiøs verksemd. Då denne delen av grunnlova vart fjerna i 2003 trekte Gül seg som statsminister for at Erdogan skulle kunne ta over.[2] Gül vart vise-statsminister og utanriksminister i 2003 i Erdogans nye regjering. Som utanriksminister var Gül aktivt med i forhandlingane med EU om eit tyrkisk EU-medlemskap, noko han sjølv er tilhengjar av.

I april 2007 utnemnde regjeringa Erdogan Gül til sin kandidat for presidentposten, til harde protestar frå opposisjonen. Protestane kom i stor grad av Gül si fortid som islamist.[3][4] Gül vart valt til president 28. august 2007. 28. august 2014 tok Recep Tayyip Erdogan over embetet.

Personleg livEndra

Abdullah Gül vart fødd i Kayseri 29. oktober 1950 som son til Adeviye Gül og Ahmet Hamdi Gül.[1]

I 1980 gifta Abdullah Gül seg med den då 15 år gamle kusina si, Hayrünnisa Özyurt (fødd 1965).[5] Paret har tre barn; to søner kalla Mehmet Emre og Ahmet Münir og ei dotter kalla Kübra. Gül er er fan av fotballklubben Beşiktaş J.K..[6]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Presidency of the Republic of Turkey : Abdullah GÜL». Henta 11. juni 2013. 
  2. «CNN.com - Turkish PM quits for Erdogan - Mar. 11, 2003». 11. mars 2003. Henta 11. juni 2013.  Den ukjende parameteren |h1= vart ignorert (hjelp)
  3. Gul sworn in as Turkey's first former Islamist president Daily Mail (29 August 2007). Besøkt 10. juni 2013.
  4. Turks elect ex-Islamist president BBC News (28 August 2007). Besøkt 10.juni 2013.
  5. Dündar, Can, Bir Evlilik Yıldönümü, henta 29. august 2007 
  6. "Köşk'e üçüncü beşiktaşlı" (tyrkisk), Haber3, April 24, 2007.