Recess Nunatak
Recess Nunatak er ein liten, men kjenneleg nunatak 1 nautisk mil (1,9 km) vest for Mount Perkins i Fosdick Mountains i Ford Ranges i Marie Byrd Land. Han vart kartlagd av U.S. Antarctic Service (USAS) (1939–41). Seinare vart han kartlagd av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy (1959–65). Han fekk dette namnet av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) fordi nunataken er søkkt (recessed på engelsk) i is ved foten på grunn av vindfanging.
Recess Nunatak | |||
nunatak | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjeder | Fosdick Mountains | ||
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 76°31′S 144°17′W / 76.517°S 144.283°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Recess Nunatak 76°31′00″S 144°16′59″W / 76.5167°S 144.283°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Recess Nunatak» (innhald frå Geographic Names Information System).