Redd Barna
Redd Barna er ein organisasjon som arbeider for å hjelpa barn. Dei formulerer ei målsetjing om ei verd der alle barn veks opp, har høve til å læra og er verna frå mishandling, omsorgssvikt og utnytting.[1]
Redd Barna | |||
| |||
Org.nr. | 941296459 | ||
---|---|---|---|
Skipa | 16. april 1946 | ||
Morselskap | Redd Barna | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | https://reddbarna.no (norsk) |
Historie
endreOrganisasjonen vart starta opp i Storbritannia i 1919 under namnet The Save the Children Fund. Grunnleggjarane var systrene Dorothy Buxton og Eglantyne Jebb, som ville hjelpa sveltande born i Tyskland og Austerrike-Ungarn under og etter fyrste verdskrigen.[2]
Den norske greina av organisasjonen vart starta opp i 1946 av Norges Barnevernsråd med Signe Helliesen Lund som formann. Redd Barna Norge og vart ein sjølvstendig organisasjon i 1948.[3] Det norske hovudkontoret ligg i Oslo, og det finst regionskontor i Bergen, Kristiansand, Trondheim og Tromsø. Organisasjonen byggjer i dag på SN-konvensjonen om barnerettar. Ungdomsorganisasjonen til Redd Barna i Noreg heiter PRESS og vart starta opp i 1995.[3]
I dag er Birgitte Lange generalsekretær i Redd Barna i Noreg.[4]
Kjelder
endre- ↑ «Save the Children International», Save the Children International (på engelsk), henta 3. februar 2021, «we believe in a world in which all children survive, have the chance to learn, and are protected from abuse, neglect and exploitation.»
- ↑ Yates, Mick. «Eglantyne Jebb». LeaderValues. Henta 9. oktober 2018.
- ↑ 3,0 3,1 «Historikk», Redd Barna (på norsk), henta 3. februar 2021
- ↑ «Organisasjon», Redd Barna (på norsk), henta 25. januar 2021
- «Redd_Barna» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 14. februar 2012.
- Engelsk Wikipedia om Save the Children, henta inn 14. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Lynda Mahood, Vic Satzewich, «The Save the Children Fund and the Russian Famine of 1921–23: Claims and Counter-Claims about Feeding 'Bolshevik' Children», Journal of Historical Sociology, 22,1 (2009), 55–83.
- Clare Mulley, "The Woman Who Saved the Children: A biography of Eglantyne Jebb, Founder of Save the Children" (Oneworld Publications, 2009) ISBN 9781851686575
- Rory O'Keeffe The Toss of a Coin: 'voices from a modern crisis'. Hygge Media. 22 September 2015. ISBN 9780993272905.