Redokstitrering er ei form for titrering der det skjer ein redoksreaksjon i kolben. Standardløysinga kan anten redusera eller oksidera stoffet i prøveløysinga.

Døme

endre

Permanganat

endre

Ei kaliumpermanganatløysing blir brukt som standardløysing for oksidasjon av mange stoff. Når ein skal titrera med kaliumpermanganat må prøveløysinga vera sur, noko ein kan få til ved å tilsetja svovelsyre. I redokstitreringa med permanganat blir manganatet redusert. Det blir skildra med denne reaksjonslikninga:

MnO4-(+VII)-(aq) + 8H++(aq) + 5e- --> Mn2(+II)+(aq) + 4H2O(l) (reduksjon)

I ei redokstitrering med permanganat trengst ingen indikator fordi standardløysinga er sterkt farga. Så lenge det er noko i kolben som kan oksiderast vil den fiolette permanganaten bli omdanna til den fargeløse manganen. Ved endepunktet, når det ikkje er noko meir igjen i kolben som kan bli oksidert, vil tilsetting av meir standardløysing farga stoffet rosa.

Kaliumpermanganat er eit sterkt oksidasjonsmiddel og kan brukast til å oksidera mange ulike stoff.

Jodometri

endre

Eit anna døme er å titrera ei løysing av jod med eit reduksjonsmiddel og bruka stive som indikator. Jod dannar eit kraftig blått kompleks saman med stive. Jod (I2) kan reduserast til jodid (I) med t.d. tiosulfat (S2O32−), og når alt jod er brukt opp forsvinn blåfargen. Dette blir kalla jodometrisk titrering.

Som oftast er reduksjonen av jod til jodid siste trinnet i ein serie reaksjonar der dei innleiande reaksjonane blir brukte for å omsetja ei ukjent mengd av analytten (det stoffet ein vil analysera) til ei tilsvarande mengd jod, som så kan titrerast. Somme tider blir andre halogen enn jod brukte i mellomreaksjonane fordi dei finst i betre målbare standardløysingar og/eller reagerer lettare med analytten. Dei ekstra reaksjonane i jodometrisk titrering kan vera verdt bryet fordi omslagspunktet frå blått jod-stive til fargelaust jodid er tydelegare enn alternative analysemetodar.

Ein slik serie av reaksjonar i vassløysing med resorcinol som analytt, bromat som standard, tiosulfat som titrant og stive som indikator, kan vera som følgjer. Oksidasjonstal er gitt i parentes.

  1.  
    Bromat + overskot av bromid i sur løysing → Brom + vatn. Brom går vidare til ii.
  2.  
    Brom + resorcinol → Hydrogenbromid + tribromoresorcinol. Ureagert brom går vidare til iii.
  3.  
    Brom + overskot av jodid → Bromid + jod. Jod går vidare til iv.
  4.  
    Jod + tiosulfat → Jodid + tetrationat.

Lat oss kalla startmengdene av resorcinol og bromat for R og B, og mengda av tiosulfat for T, der B og T er kjende og R er ukjend – men ein må syta for at R er mindre enn B/3. (Alle mengdene er i mol). Då blir R = B - T/6