Brom
Brom er eit ikkje-metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Br og atomnummer 35. Det er eit halogen og ligg i gruppe 17 i periodesystemet.
Eigenskapar
endreBrom er ei raudbrun, sterkt luktande væske. Det er det eine av to grunnstoff som er flytande ved romtemperatur. (Det andre er kvikksølv).
Bromdamp er giftig å pusta inn. Flytande brom er svært etsande på hud, og bromsår vil nærmast ikkje gro utan hudtransplantasjon.
Førekomst
endreGrunnstoffet brom føreligg ikkje fritt i naturen, men kan framstillast frå uorganiske bromsalt som finst i visse mineral og i sjøvatn (ca. 0,01% i havet, ca. 0,5% i Daudehavet).
Sambindingar og bruk
endreBrom blir brukt i produksjon av mange ulike bromsambindingar, t.d. fargestoff og medisinar.
Brom dannar fleire uorganiske syrer i sambinding med hydrogen og oksygen. Desse syrene er bromsyre (HBrO3), bromsyrling (HBrO2), underbromsyrling (HBrO), og hydrogrenbromid (HBr). Salta av desse syrene kallast bromat, bromitt, hypobromitt og bromid. Eit døme på naturlege bromsalt er natriumbromid (NaBr). Kunstige bromsalt, t.d. sølvbromid (AgBr), blir brukt i framkalling av fotografi.
Av kunstig framstilte organiske bromsambindingar kan nemnast 1,2-dibrometan (BrH2C-CH2Br), som tidlegare vart brukt for å justera oktantalet i blybensin, og halonar som halon 1301 (bromtrifluormetan, CF3Br) og halon 1211 (bromklordifluormetan, CF2BrCl), som blir brukte til brannslukking.