Fougères er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Ille-et-Vilaine i regionen Bretagne, og har om lag 10 000 innbyggjarar. Byen ligg ved grensa til departementa Morbihan og Loire-Atlantique.

Redon
Redon og elva Vilaine
Redon og elva Vilaine
Redon og elva Vilaine
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bretagne
Ille-et-Vilaine
Geografi
Flatevidd 15,09 km²
Flatevidd
 - By

15,09 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

9 499
  529/km²
Koordinatar 47°39′N 02°05′W / 47.650°N 2.083°W / 47.650; -2.083
Høgd over havet 12 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 35600
Heimeside: www.redon.fr

Den litle byen ligg der elvane Oust og Vilaine renn i hop, og han vert derfor ofte råka av flaum om hausten og vinteren.

Historie endre

Ein veit ikkje mykje om byen før 832, men det ser ut til å ha vore eit sokn her med namn Riedones, som har gjeve namn til byen. I 832 grunnla Conwoion, ein bretonsk munk, klosteret Saint-Sauveur de Redon med hjelp av den karolingiske keisaren Louis le Pieux. I dag finst det framleis dokument som viser administreringa av klosteret.

Byen utvikla seg rundt klosteret og hadde på 1960-talet rundt 6 000 innbyggjarar.

I mellomalderen fekk Redon fordelar gjennom maritim handel på elva Vilaine.