Vilaine

Vilaine (bretonsk Gwilen) er ei elv i Bretagne vest i Frankrike. Ho har sitt utspring i departementet Mayenne (53), og munnar ut i Biscayabukta og Atlanterhavet ved Tréhiguier i Morbihan. Ho er 225 km lang, og er knytt til elva Rance via Ille-Rance-kanalen i kommunen Évran.

Vilaine
elv
La Vilaine à Rennes.JPG
Vilaine i Vitré.
Land Flag of France.svg Frankrike
Nedslagsfelt 10 882 km²
Lengd 225 km
Middelvassføring 80 /s
Kjelde Bretagne
 - høgd 153 moh.
Munning Biscayabukta
Kart
Vilaine
48°13′46″ N 1°3′11″ W
Wikimedia Commons: Vilaine

ElveløpetEndra

Elva renn gjennom fire departement (Mayenne, Ille-et-Vilaine, Loire-Atlantique og Morbihan) og fire større byar (Rennes, Vitré, Redon og La Roche-Bernard).

Det er bygd tre demninga rundt Vitré for å hindre flaum:

  • 1978 Valière-demingen
  • 1982 Haute-Vilaine-demingen
  • 1995 Villaumur-demingen

HydrologiEndra

Elva har ei vassføring mellom 2 og 1 500 m³/s.

TransportEndra

Vilaine er ein del av kanalsystemet i Bretagne. Delen frå Rennes til Atlanterhavet er framkomeleg for mindre fartøy. I Rennes er elva forbunde med Canal d'Ille et Rance og i Redon kryssar ho Canal de Nantes à Brest.

SideelvarEndra

Dei største sideelvane til Vilaine er:

KjelderEndra