Redpoint
Redpoint (skotsk-gælisk An Rubha Dearg) er ein liten busetnad nordvest i Highland i Skottland. Han har fått namnet sitt frå eit lite nes, Red Point, som ligg sør for staden ved innløpet til Loch Torridon.
Redpoint | |||
busetnad | |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Fylke | Highland | ||
Redpoint 57°39′08″N 5°46′58″W / 57.6522°N 5.78276°W | |||
Wikimedia Commons: Redpoint |
Redpoint ligg om lag 15 km sørvest for Gairloch ved enden av vegen B8056. Ein sti går frå vegen til eit utkikkspunkt der ein på klåre dagar kan sjå nesten heile nordaustkysten av Isle of Skye. Vidare nord langs vegen finn ein landsbyane South Erradale, Opinan og Port Henderson.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Redpoint» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2010.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |