Reeves Bluffs er ei rekkje austvendt fjellskrentar, 15 km lange, som ligg 28 km vest for Cape Murray i Cook Mountains. Dei vart oppdaga av Discovery-ekspedisjonen (1901–04) under kaptein Robert F. Scott, som gav namnet «Mount Reeves», etter Edward A. Reeves, ein kartkurator i Royal Geographical Society, til ein topp langs denne skrenten. Skrenten vart kartlagt i detalj av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfotografi frå U.S. Navy (1959–63). Sidan det ikkje er nokre markante fjelltoppar langs denne klippa, og fordi namnet Mount Reeves er i bruk andre stader i Antarktis, Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) (1965) tilrådde at det originale namnet vart endra og at heile rekkja fekk namnet Reeves Bluffs.

Reeves Bluffs
klippe
Land  Antarktis
Stad Oates Land
 - koordinatar 79°36′S 158°40′E / 79.600°S 158.667°E / -79.600; 158.667
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Reeves Bluffs
79°36′00″S 158°40′01″E / 79.6°S 158.667°E / -79.6; 158.667
Reeves Bluffs is located in Antarktis
Reeves Bluffs (Antarktis)

Kjelder

endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Reeves Bluffs» (innhald frå Geographic Names Information System).