Ein refraktor eller linseteleskop er ein astronomisk kikkert der eit bilete som vert danna av ei linse eller eit linsesystem, objektivet, vert sett gjennom ei linse eller eit system av linser, okularet, eller blir oppteken på ei fotografisk plate.

Bilete frå ein refraktor frå Cincinnati Observatory i 1848.

Den største refraktoren i verda, som vart teken i bruk 1897, finst på Yerkes-observatoriet i Wisconsin i USA. Diameteren til objektivet er 1,02 m. Den nest største, teken i bruk i 1888, finst på Lick-observatoriet i California. Diameteren til objektivet er 0,91 meter.

Den første skildringa av ein refraktor vart truleg gjort av James Gregory (1638–1675), som studerte i Italia og sidan vart professor ved St. Andrews og Edinburgh universitet.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Refraktor