Regen (tsjekkisk Řezná) er ei elv i Bayern i Tyskland, og ei av sideelvane til Donau frå venstre. Utspringet hennar er Großer Regen (Store Regen) i Böhmerwald i Tsjekkia nær Železná Ruda. Elva kryssar grensa etter eit par kilometer ved Bayerisch Eisenstein.

Regen
elv
Regen nær Lappersdorf
Land  Tyskland,  Tsjekkia
Nedslagsfelt 2 953 km²
Lengd 169 km
Middelvassføring 40 /s
Kjelde Böhmerwald
Munning Donau
Kart
Regen
49°09′58″N 13°16′07″E / 49.166118°N 13.268559°E / 49.166118; 13.268559
Wikimedia Commons: Regen (river)

Ved Zwiesel møter Großer Regen elva Kleiner Regen (Litle Regen) og dannar Schwarzer Regen (Svarte Regen). Schwarzer Regen renn gjennom Regen og Viechtach, og møter Weißer Regen (Kvite Regen) i Kötzting. Frå her vert elva kalla Regen.

Regendalen er den største dalen i Bayerischer Wald, og mange busetnadar i fjella ligg langs elva. Av byar Regen renn gjennom finn ein Cham og Regensburg. Ved Regensburg munnar elva ut i Donau.

Den totale lengda til elva, inkludert Großer Regen og Schwarzer Regen, er 169 km.

Kjelder

endre