Regesta Norvegica

Regesta Norvegica er ei kronologisk ordna forteikning over alle kjende dokument frå norsk mellomalder. Serien inneheld regestar, det vil seia korte samandrag på moderne norsk, av mellomalderdokument som har med Noreg, nordmenn og norske tilhøve å gjera. I tillegg blir det gjeve opplysningar om datering, opphavsstad, oppbevaringsstad, trykkestad og så vidare av dokumenta. Kvart bind er òg utstyrt med namneregister (person- og stadnamn) og sakregister. Serien er meint som eit supplement til kjeldeserien Diplomatarium Norvegicum og er ein viktig innfallsport til mellomaldermaterialet.

Regesta Norvegica bind IX. Illustrasjonen viser dronning Margrete sitt sekretsegl frå perioden 1381–1409, teikna av seglkonservator Odd Fjordholm.

Historikk endre

Gustav Storm gav ut eit hefte med tittelen Regesta Norvegica i 1898. Dette inneheldt 630 regestar, og omfatta tidsrommet 991–1263.

I 1966 byrja arbeidet med serien for alvor. Det blei oppretta eit arbeidsutval for serien, og ansvaret for dei første binda blei lagt til universiteta i landet. Arbeidet med serien var frå og med fullføringa av bind VI overført til Seksjon for kildeutgivelse ved Riksarkivet, tidlegare Norsk Historisk Kjeldeskriftinstitutt.

Omfang av serien endre

Hittil har det kome ut ti bind i denne serien. Desse dekker tidsrommet 822–1430.

  • Bind I, 822–1263, ved Erik Gunnes, 1989.
  • Bind II, 1264–1300, ved Narve Bjørgo og Sverre Bagge, 1978.
  • Bind III, 1301–1319, ved Sverre Bagge og Arnved Nedkvitne, 1983.
  • Bind IV, 1320–1336, ved Erik Gunnes og Halvor Kjellberg, 1979.
  • Bind V, 1337–1350, ved Erik Gunnes, 1979.
  • Bind VI, 1351–1369, ved Halvor Kjellberg, 1993.
  • Bind VII, 1370–1390, ved Gunnar I. Pettersen og Knut Sprauten, 1998.
  • Bind VIII, 1391–1404, ved Anne-Marit Hamre, 2006.
  • Bind IX, 1405–1419, ved Gunnar I. Pettersen, 2010.
  • Bind X, 1420–1430, ved Gunnar I. Pettersen, 2015.

Bind XI (1431–1440) er under arbeid. Konkrete planar for fleire bind er førebels ikkje lagt, men det er naturleg at serien held fram fram til reformasjonen slik at han dekker heile den norske mellomalderen.

Digital versjon endre

Bind I–IX av Regesta Norvegica er digitaliserte i eit samarbeidsprosjekt mellom Riksarkivet og Enhet for Digital Dokumentasjon (tidl. Dokumentasjonsprosjektet) ved Universitetet i Oslo.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre