Rehabiliteringssenteret AiR

Rehabiliteringssenteret AiR er eit norsk rehabiliteringssenter som opna i 1986 som Attføringssenteret i Rauland. Det ligg i Vinje kommune i Telemark fylke.

Rehabiliteringssenteret AiR
Kart
Rehabiliteringssenteret AiR
59°42′07″N 8°02′48″E / 59.7019°N 8.0467°E / 59.7019; 8.0467

I desember 2010 skifte senteret namn frå Attføringssenteret i Rauland til Rehabiliteringssenteret AiR. Etter ei større utbygging i 2009/10 auka senteret kapasitet frå 55 til 68 sengeplassar. Kvart år er om lag 700 brukarar inne til eit fire vekers rehabiliteringsopphald . Målet med eit opphald ved AiR er å hjelpe brukarane til ein betre funksjon slik at ho/han kan få tilbake eller ta vare på arbeidsevna. Målgruppa er sjukmeldte med muskel- og skjelettlidingar og lettare psykiske plager.

I 2005 fekk AiR status som Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering. Etableringa var eit resultat av at Stortinget same året bestemte at AiR med sin kompetanse innan fagfeltet skulle etablere eit slikt nasjonalt kompetansesenter.

AiR er ein institusjon innan spesialisthelsetenesta og har leveranseavtale med Helse Sør-Aust og Nav.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Rehabiliteringssenteret AiR