Reidar Lyseth

norsk politikar

Reidar Andreas Lyseth (14. juli 19041. mars 1987) var ein norsk journalist politikar og tenestemann frå Trondheim, som i tida 1950-57 var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Reidar Lyseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juli 1904
Trondheim
Død

1. mars 1987 (82 år)
Trondheim

Yrke politikar, journalist, redaktør, offentleg tenestemann, idrettsleder, idrettsutøvar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti

Liv og gjerning endre

Lyseth arbeidde ved eit trelastkontor frå 1921 til -29. Dei neste sju åra var han sportsjournalist i Ny Tid, ei avis som kom ut i Trondheim. Frå 1936 var han journalist i Arbeider-Avisa, der han var idrettsredaktør 1945–50. I tillegg var han reisesekretær i Arbeidernes Idrettsforbund 1937–40. Under andre verdskrigen vart han fengsla av NS-styret og sat i tysk fangenskap. I 1957 fekk han stillinga som sosialrådmann i Trondheim kommune, eit arbeid han hadde til han gjekk for aldersgrensa i 1974.

Lysbeth var medlem av Trondheim bystyre 1931–34 og 1945–54. Han var styremedlem 1938-39 i Arbeidernes Idrettsforbund og 1946-57 i Norges Idrettsforbund. Åra 1952-57 tok han også på seg ekstrajobben å vere redaktør for organisasjonsbladet Norsk idrett. I tida 1960-62 var han president i Norges Handicapidrettsforbund. Elles var han styreformann i Trondheim Sporvei 1948–51 og ved Trondhjems Hospital 1957–76. Perioden 1863-72 var styreformann ved Sentralsykehuset i Trondheim.

Lyseth representerte valkrinsen Trondheim og LevangerStortinget valbolken 1950–1953, der han var sekretær i Protokollkomiteen. I den neste valbolken, 1954-57, vart han vald frå Sør-Trøndelag, han var då sekretær i Samferdslekomiteen.

Kjelder endre