Reinbeitedistrikt

område for reindrift

Reinbeitedistrikt er i norsk reindriftsforvalting eit geografisk område der reindriftsutøvarar kan drive reindrift.

Kvart av dei seks reinbeiteområde reinbeiteområda i landet er delt inn i fleire reinbeitedistrikt. I kvart reinbeitedistrikt oppretta etter § 2 i reindriftslova, skal det vere eit distriktsstyre valt av og blant dei aktive reindriftsutøvarane i distriktet. Samtidig med valet av medlemmer til distriktsstyret skal det avgjerast kven som skal vere leiar og nestleiar.

Distriktsstyret fører liste over reineigarane i distriktet og talet på rein. Styret skal sjå til at reindrifta i distriktet skjer i samsvar med gjeldande lover og forskrifter og kan påby eller setje i verk samling, merking, skilling og teljing av rein dersom reineigarane ikkje blir samde og sjølv gjennomfører slike tiltak.

Leiaren i distriktsstyret representerer reinbeitedistriktet sine interesser og kan bl.a. inngå forlik, saksøke og verte saksøkt på vegner av reineigarane i saker som gjeld dei alle.

Kvart reinbeitedistrikt kan vere delt inn i fleire driftseiningar. Driftseiningane har løyve til å beite med eit visst tal rein innanfor distriktet sitt beiteland.