Opna hovudmenyen

Statens reindriftsforvaltning

(Omdirigert frå Reindriftsforvalting)

Statens reindriftsforvaltning (SRF) var ein norsk statleg etat som hadde ansvar for spørsmål om reindrift, arealforvalting, ressursovervaking, vedlikehald av grensegjerde og drift av Statens Fjellstuer i Finnmark.

Statens reindriftsforvaltning
SRF
TypeForvaltingsorgan
ReindriftssjefOla Chr. Rygh[1]
HovudkontorAlta
Lokale ledd6 lokalkontor[2]
EigarLandbruks- og matdepartementet
Tilsette55 (2013)[3]
Nettsidewww.reindrift.no

Reindriftsforvaltinga var sekretariat og saksutredar for Reindriftsstyret. Etaten var underlagt Landbruks- og matdepartementet. Opphavleg blei han skipa som «Lappevesenet».[4]

1. juli 2014 blei Statens reindriftsforvaltning slått saman med Statens landbruksforvaltning til Landbruksdirektoratet.[5]

Reindriftsforvaltinga i Noreg var underlagt landbruksdepartementet. Reindriftsstyret var fagleg rådgjevar for den sentrale reindriftsadministrasjonen, reinforskinga og rettleiingstenesta i reindrifta. Reindriftsstyret hadde medlemmer oppnemnde av Kongen og av Sametinget.

I Noreg skal det vere om omkring 200.000 tamrein. Samisk tamreindrift vert drive i dei samiske områda i Noreg. Frå 1.1.2014 forvalta Landbruksdepartementet reindrifta i Noreg gjennom fylkesmannen.[6]

Reinbeitedistrikt og driftseiningarEndra

Landet er delt i fem reinbeiteopmråde:

Kvart reinbeiteområde er delt inn i reinbeitedistrikt. Ordninga med inndeling i distrikt vart etablert på slutten av 1800-talet. Ved utgangen av driftsåret 2005/06 var det totalt 82 reinbeitedistrikt i Noreg, fordelt på 72 sommar- og heilårsbeitedistrikt og 10 distrikt for vår-/haust- og vinterbeite for norsk reindrift eller som område for svensk reindrift.

Kvart reinbeitedistrikt er delt inn i fleire driftseiningar. Driftseiningane har løyve til å beite med eit visst antal rein innanfor distriktet sitt beiteland.

Driftseiningane som omgrep har ikkje rot i tradisjonell samisk reindrift. Her har siidaene vore den tradisjonelle eininga. Innanfor kvart distrikt driv samane reindrift i ein eller fleire siidaer eller driftsgrupper. Siidastrukturen kan variere noko mellom åra. Dei siste åra har det totalt vore rundt 110 sommersiidaer og rundt 150 vintersiidaer i Noreg.

Siidaene omfattar éin eller fleire driftseiningar. Innanfor kvar driftseining er det som oftast fleire reineigarar med kvart sitt reinmerke. Det var totalt 578 driftseiningar og 2 850 reineigarar i den norske reindriftsnæringa per 31. mars 2005. Finnmark har med 417 driftsenheter og vel 2.100 reineigarar hovudtyngda av reindrifta i Noreg.

Samisk reindrift, reindrift med grunneigarrett og villreinEndra

Samane kan drive reindrift på om lag 40 % av landarealet i Noreg, på eit område frå Finnmark i nord til Engerdal i Hedmark i sør. Det er òg samisk reindrift i Trollheimen. I fjellområda i Sør-Noreg, sør for dei samiske områda, er det tamreinlag som driv reindrift basert på leigeavtalar.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra